Godt nøgd med aktiviteten

Aktiviteten i Helse Fonna var mykje høgare i mai enn i april.

Helsedirektoratet kjem kvar månad med aktivitetsutvikling for alle helseføretaka i Norge, og Helse Fonna kjem godt ut i statistikken for mai. Særleg innan psykisk helsevern er utviklinga god. Her er Helse Fonna blant dei beste i landet, med heile 99 prosent i talet på polikliniske konsultasjonar i mai i år, samanlikna med mai i fjor.

Døgnopphald i psykisk helsevern var litt lågare, her ligg Helse Fonna på 77 prosent av det ein hadde i mai i fjor. Men det er likevel mykje høgare aktivitet enn i april, då var ein nede i under halvparten.

For somatikken ligg Helse Fonna også godt an, med 73 prosent av aktivitet samanlikna med mai i fjor. Dette er over landsgjennomsnittet.

Adm. dir. Olav Klausen er godt nøgd med korleis Helse Fonna kjem ut i den ferske rapporten.

- Flott innsats i mai, til tross for smitteforebyggande tiltak. Psykisk helsevern har klart å ta opp igjen heile den polikliniske aktiviteten i mai samanlikna med i fjor. Somatikken har 73 prosent planlagte innleggingar i forhold til mai i fjor. Godt jobba! seier Klausen.

operasjon.jpg

God utvikling: Aktiviteten i Helse Fonna er over landsgjennomsnittet, og nærmar seg same nivået som i fjor, viser ferske tal frå Helsedirektoratet. Illustrasjonsfoto: Eirik Dankel

Det er store sprik i tala for dei ulike helseføretaka. Til dømes har Oslo universitetssjukehus berre halvparten av aktiviteten i døgnopphald i psykisk helsevern i forhold til mai 2019, medan Helse Bergen har 97 prosent. Helsedirektoratet forklarar tala slik:

- Det er mange årsaker til forskjellane, blant anna har de vore forskjellar mellom helseføretaka kor lenge dei hadde gult beredskapsnivå. Helseføretaka er også påverka på ulikt vis av restriksjonar og endringar i pasienttransporten. For nokre føretak har også tilbodet av rutefly ført til utfordringar. Foreløpige tal viser at omfanget av pasientbehandling i større i mai enn i april, men det er framleis eit stykke å gå før behandlingstilbodet er normalisert, dvs. tilbake til same nivå som i 2019, konkluderer Helsedirektoratet.