Gode erfaringar med heimesjukehus for babyar

I januar starta Helse Fonna med heimebesøk til sjuke og for tidleg fødde babyar. Til no har 21 små pasientar fått tilbodet og erfaringane er gode.

– Det er først og fremst familiar med for tidleg fødde babyar som har nytta seg av tilbodet. Dei treng gjerne litt ekstra oppfølging av amming og vektoppgang for å sikre at dei veks og utviklar seg som dei skal, seier funksjonsleiar ved nyføddintensiveininga Mette Erdal.

Tidlegare måtte desse familiane vere innlagt på sjukehuset, men no kan dei få oppfølging i sin eigen heim. Foreldra får nødvendig opplæring og utstyr, som vekt, brystpumpe og sondeutstyr. Opp til tre dagar i veka får dei besøk av sjukepleiar frå NAST – nyføddavdelingas ambulerande sjukepleieteneste. Familiane får i snitt oppfølging i 14 dagar, men det varierer frå 6 dagar til 51 dagar.

– Dersom babyane treng poliklinisk time etter at heimesjukehuset er avslutta, er det dei same sjukepleiarane som møter foreldra og babyen igjen, seier Erdal. 

nyfødd-25-foto-stina-steingildra-3.jpg

NØGD: Funksjonsleiar Mette Erdal seier heimesjukehus har gitt ekstra motivasjon og energi. Her saman med leiar for barneavdelinga Tove Elise Johannesen. Foto: Stina Steingildra

Desse babyane kan få tilbod om sjukehus heim

NAST (nyfødd intensiv ambulerande sjukepleieteneste) er eit frivillig tilbod. Grunnpremisset er at den nyfødde har ein gestasjonsalder (den alderen barnet skulle hatt om det var fødd til termin) på 35 veker og er medisinsk stabilt. Elles kan tilstandane handle om:

  • Behov for sondemating eller tett oppfølging av vektutvikling
  • Spesielle behov, men ikkje behov for overvaking
  • Behov for langvarig overvåking, feks hjartebarn, der foreldra er trygge på å reise heim med metningsovervaking.
     


Trygt å vere heime

– Det viser seg at dette gir meir ro og at fleire får til fullamming med dette tilbodet. Dei begynner gjerne med både amming og sonde når dei reiser frå sjukehuset, men dei aller fleste har klart å gå over til fullamming med oppfølging frå NAST. Det er fleire som klarar dette heime enn om dei er innlagte på avdelinga, fortel Erdal, som trur dette heng saman med roen ein får heime hos seg sjølv.

– Dei kan vere heime i kjente omgivnadar, og ha betre kontakt med dei andre borna sine om dei har det.

Inger Eileraas er éin av intensivsjukepleiarane som er med i NAST. Ho ser kva effekt det har at familiane kan vere heime.

– Særleg mødrene slappar meir av. Dei søv betre, dei slepp å sakne familien sin og får betre melkeproduksjon, seier ho, noko dei gode resultata viser, seier Eileraas.

Ho seier det er annleis å kome heim til folk på jobb, sjølv om dei er vane med å vere tett på familiar når dei er innlagte på sjukehuset.

– Det er jo deira heim, og vi må kjenner oss litt fram. Vår jobb er å gi råd, samtidig som vi skal ta omsyn til tankar og kjensler, seier ho.

Til no har dei fleste pasientane i NAST vore for tidleg fødde babyar med behov for tett oppfølging for å sikre vektoppgang. Men også foreldre til barn med meir alvorlege tilstandar som hjartesjukdom og kromosomfeil har nytta seg av tilbodet.

– Vi har også hatt døyande babyar, der foreldra har ønska å vere heime den siste tida. Det er godt å kunne tilby tett oppfølging utan at ein må vere på sjukehus i ein slik situasjon, seier funksjonsleiar Mette Erdal.

 

Nyfødt intensiv hjemmesykehus - foto Eirik Dankel.jpg

KJEM HEIM: Sjukepleiarane i NAST kjem på heimebesøk tre dagar i veka. - Dette er eit viktig og veldig rett tilbod til familiane, seier intensivsjukepleiar Inger Eileraas, nummer to frå venstre. Her saman med resten av teamet: Jane Solberg, Christine Lilledahl og Sønnøve Dalane . Foto: Eirik Dankel

Gir motivasjon

Erdal seier opprettinga av NAST både gir energi og motivasjon til eit fagmiljø som har jobba veldig mykje med fagutvikling, kvalitetsforbetring og arbeidsmiljø dei siste åra. Inspirasjonen kom frå eit fagseminar i Bodø, og vegen til oppstart var kort.

– Det er kjekt å starte med noko nytt, ha ei målsetting og sjå at det fungerer, seier ho.

– For oss på nyføddintensiven betyr NAST at vi får mindre press på avdelinga, slik at vi har betre tid til dei babyane som må vere innlagt på sjukehuset, fortel Erdal.

IMG_8900-liten.jpg

MEIR TID: Funksjonsleiar Mette Erdal seier tilbodet om heimesjukehus er ein vinn-vinn-situasjon. - Familiane får det betre heime og vi får betre tid til dei som må eller føretrekk å vere innlagt på avdelinga, seier ho. Her blir det tatt blodprøve frå ein liten pasient på nyføddintensiven. Blodprøvane blir tatt frå kapillærårer på hovudet, som er ein mindre smertefull og betre metode for blodprøvetaking av babyar enn å stikke i hælen. Arkivbilde: Stina Steingildra

Vil utvide til fleire område

Tilbodet er frivillig og er blitt gitt familiar som bur mindre enn 1 time frå sjukehuset for at ikkje for mykje arbeidstid skal gå vekk i reising for sjukepleiarane i NAST. Med pandemien har dei også tatt i bruk telefonkonsultasjonar. Dette har fungert så bra at Erdal og kollegene planlegg for at tilbodet om heimesjukehus skal bli utvida til å også gjelde familiar som bur lenger vekke frå sjukehuset.

Oppstarten blei gjort mogleg av prosjektmidlar frå Helse Vest som dekker drifta det første året. Erdal fortel at det er tilført 0,75 årsverk for å gjere drifta mogleg.

– Vi har sidan januar hatt 21 pasientar, og det er vi veldig nøgde med. Vi ser at tilbodet fungerer som tenkt og håpar på midlar til å kunne drive dette vidare, fortel Erdal.