Kvar
månad kjem Helsedirektoratet med ein rapport om aktivitetsutviklinga for alle
helseføretaka i landet, og tala frå mars viser at det - ikkje uventa - var
nedgang i både planlagt og akutt verksemd ved somatiske sjukehus i mars i år,
samanlikna med mars i fjor. Samla nedgang i aktivitet var på 25 prosent.
Også
innan psykisk helsevern har det vore ein nedgang. Nedgangen er størst for
vaksne, og omfattar både døgnopphald (9 prosent) og polikliniske konsultasjonar
(16 prosent). I psykisk helsevern for barn og unge var det ein nedgang i
polikliniske konsultasjonar på 9 prosent samanlikna med mars 2019.
Rapporten
viser at dei fire føretaka i Helse Vest kjem godt ut av statistikken. Best i
klassen er Helse Bergen og Helse Stavanger, som hadde over 80 prosent av
aktiviteten i mars, i høve til mars i fjor. Helse Fonna og Helse Førde hadde 75
prosent aktivitet i høve same månad i fjor, og ligg dermed på
landsgjennomsnittet.
Førebelse
tal for april viser at Helse Fonna ligg på om lag same utvikling som i mars,
men eigne rapportar viser at aktiviteten gradvis no er på veg opp mot normalen,
og slik det var før koronakrisa slo inn over landet.
- I
midten av april bad Helseminister Bent Høie føretaka om å gå tilbake til meir
normal drift, samstundes som vi skal ha beredskap nok til å kunne ta imot
fleire med koronasmitte. Oppdraget er utfordrande, men det er flott å sjå at
fleire pasientar no får behandling i sjukehusa våre. Det er og gledeleg å sjå
den store auken i talet på telefon- og videokonsultasjonar. Det er viktig å
bruke slike effektive og tilgjengelege løysingar framover, der det er tenleg. I
tillegg held vi fram med inngangskontroll og skreening av pasientane som kjem
til elektiv behandling, for å redusere sjansen for å få smitte inn i sjukehusa,
opplyser fagdirektør Haldis Johanne Økland Lier i Helse Fonna.