HELSENORGE
Lærlingar i ambulansefaget:

Gler seg til å gå på jobb kvar dag

Dei føler seg privilegerte, og angrar ikkje på yrkesvalet. Men likevel er dei usikre på kva framtida bringer.

Ambulanselærlingane på Kvinnherad ambulansestasjon representerer store delar av Sunnhordland. Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik (18) er frå Fitjar, Elise Heimark (21) kjem frå Austevoll, medan Eirin Breive Hegland (21) er frå Matre i Kvinnherad.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_3.jpg

Nøgde: Eirin Breive Hegland (t.v.) frå Kvinnherad, Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik (t.v.) frå Fitjar og  Elise Heimark frå Austevoll trivst godt på jobb, og i lag.

Dei tre storkosar seg på jobb – kvar dag – og har det som plomma i egget. For som dei seier: Ingen dagar er like, dei veit aldri kva som vil skje, og dei lærer mykje. At arbeidsmiljøet er bra, har sjølvsagt også mykje å seie.

 

Deler husvære

Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik gjekk første året på helsefag på Fitjar vgs, før ho tok ambulanselina på Os vgs. Dei to 21-åringane har gjort litt anna i mellomtida, før dei enda opp på ambulanseline. Eirin Breive Hegland gjekk i Sauda, medan Elise Heimark reiste heilt til Karasjok. Der likte ho seg så godt at ho ikkje ser vekk frå at ho reiser nordover att etter at læretida er over.

Både Rebekka og Elise hadde ambulansestasjonen på Stord på førsteplass då dei søkte lærlingplass. Men begge er glade for at dei hamna på ambulansestasjonen på Husnes.

- Hadde eg vore på Stord hadde det blitt ein del utrykkingar til Fitjar, der eg kjenner dei fleste. Det hadde ikkje vore så kjekt. I tillegg får vi vere med på ambulansebåten her. Det får vi ikkje andre stader,  seier Hrafnsdottir Tverborgvik.

- Her er det meir køyring, og meir pasientkontakt, supplerer Heimark. For å sleppe all pendlinga deler dei to husvære på Husnes.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020.jpg

Leiger i lag: Elise Heimark (t.v.) og Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik deler både husvære og er kollegaer på ambulansestasjonen på Husnes.

For Eirin Breive Hegland, som kjem frå Matre, var det naturleg å søkje seg til Husnes. Som så mange andre ambulanselærlingar i Helse Fonna så gjekk ho på ambulanselina i Sauda.

 

Vanskeleg å få fast jobb

Dei tre lærlingane fortel om eit godt læringsmiljø, nok av utfordringar, og ein fin kombinasjon av teori og praksis. Dei angrar ikkje på yrkesvalet, men er likevel usikre på kva framtida bringer. Årsaka er at det ikkje er lett å få fast jobb i ambulansetenesta.

- Først er det vanskeleg å komme inn på ambulanselina. Det er få plassar og mange om beinet. Så er det ikkje alle som får læreplass, og når ein har fagrevet er det jammen ikkje lett å få seg fast jobb heller, fortel Elise Heimark. Dei tre lærlingane føler seg privilegerte, men tenkjer også kva dei skal gjere seinare.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_4.jpg

Spennande yrke: Elise Heimark (t.v.), Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik og Eirin Breive Hegland angrar ikkje på yrkesvalet.

Rebekka vurderer å utdanne seg meir, til døme sjukepleie, eller i saniteten i Forsvaret. Elise vurderer å reise nordover att, der det er lettare å få fast jobb, medan Eirin drøymer om ei framtid i redningstenesta i 330-skvadronen. Men der er nålauga endå trongare….

- Fagbrev i ambulansefaget er uansett eit godt grunnlag, uansett kva ein gjer etterpå, slår Heimark fast – og får støtte frå dei to andre:

- Vi gler oss til å gå på jobb kvar dag, og vi føler oss privilegerte!

 

Mange vegar til målet

Det er i dag fleire vegar ein kan gå dersom ein vil bli ambulansearbeidar. Den tradisjonelle vegen er VG1 helsefag, og VG2 ambulansefag. For nokre år sidan kom ei ny utdanning, bachelor i paramedic, eit tilbod som finst ved nokre høgskular.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_1.jpg

Privatist: Kristina Haugen tek ein litt annan veg til målet enn dei tre andre.

Kristina Haugen (32), som er den fjerde lærlingen i Kvinnherad, er eigentleg utdanna sjukepleiar, og er no ambulanselærling som privatist. Ho tok ambulansekurs då ho var student, og har teke vakter i ambulansetenesta både i Odda og Kvinnherad medan ho har jobba som sjukepleiar i heimkommunen. Etter kvart vart lysta stor til å jobbe fast i ambulansetenesta.

- Det er eit spennande og interessant yrke. Det er ein annleis måte å jobbe på – prehospitalt, enn som sjukepleiar i kommunen. Eg håpar på jobb når eg har teke fagprøve, og er villig til å pendle innad i Helse Fonna-området for å få ein fot innafor, fortel Haugen. Ho trur det kan vere ein god ballast i botn å ha sjukepleiarutdanning.

- Eg er glad for at eg har den utdanninga, og nokre års erfaring, noko som vonleg kan vere ein fordel når eg søkjer jobb, fortel 32-åringen.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_2.jpg

Sjukepleiar: Kristina Haugen har jobba som sjukepleiar i kommunen i mange år, men satsar på ei framtid som ambulansearbeidar.


Populære tv-seriar

Kvinnherad ambulansestasjon har 14,5 stillingar, pluss fire lærlingar. Alle lærlingane er jenter. Akkurat det kan vere ei utfordring. Det er nemleg få gutar som går på ambulanselinene, iallfall på våre kantar av landet.

- Eg trur det har med karakterkravet å gjere, i tillegg må ein ha helsefag på VG1, og der er det heller ikkje så mange gutar, meiner Hrafnsdottir Tverborgvik. Dei håpar og trur det kan komme fleire gutar i samband med paramedic-utdanninga – fordi det ideelle er betre kjønnsfordeling.

- Det ser vi når vi er ute på oppdrag. Det beste er viss det er ein av kvart kjønn. Det er nemleg ikkje til å stikke under ein stol at mannfolka har betre fysikk, og det kan vere litt tungt for to jenter å løfte båra, fortel Heimark.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_5.jpg

Varierte dagar: Eirin Breive Hegland og Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik fortel om varierte og interessante arbeidsdagar.

På Kvinnherad ambulansestasjon dekkjer dei ein stor kommune i areal, dei betener den ambulansebåten som har flest oppdrag i landet, og dei fraktar pasientane til sjukehus både på Stord, Odda, Haugesund og Haukeland. Mykje tid går med i ambulansen, og i tillegg har dei daglege rutinar knytt til reingjering, sjekk av bilar og utstyr, øving og trening.

- Kva er årsaka til at det er så populært med ambulansearbeidarfaget?

- Det er nok mange ting som spelar inn. Spennande yrke, og ikkje minst ein turnus som er attraktiv for mange. Men eg trur også at 113-serien på NRK har fått opp interessa for faget, seier Breive Hegland.

Lærlingar Kvinnherad - desember 2020_6.jpg

Øving gjer meister: Elise Heimark (t.v.) og Rebekka Hrafnsdottir Tverborgvik nyttar ei ledig stund til øving.


Mange å velje blant

Funksjonsleiar ved Kvinnherad ambulansestasjon, Frode Nygård, er godt nøgd med lærlingane sine.

- Det er veldig givande å ha lærlingar. Dei stiller ofte vanskelege spørsmål, som gjer at vi også må skjerpe oss, seier Nygård, som fortel at dei har mange søkjarar til lærlingstillingane.

- Og no blir jo konkurransen endå større, når det kjem fleire kandidatar frå paramedic-utdanninga. Så det blir spennande å sjå kven som blir prioritert i framtida: Dei med fagbrev, eller dei som har ein bachelor, seier stasjonssjefen.

frodenygård.jpg

Stasjonssjef: Frode Nygård.

Sondre Gunleiksrud er lærlingkoordinator for ambulansetenesta i Helse Fonna. Han stadfestar at det er mange om beinet.

- Vi har totalt 23 lærlingar i ambulansefaget, 12 førsteårs og 11 andreårs. Kvart år får vi inn om lag 120 søknader frå heile landet. Om lag halvparten av desse er kvalifiserte. Det stemmer at det ikkje er så lett å få fast jobb etter læretida, men mange startar som vikarar, og får fast jobb etter kvart.

Det er mange vegar til fagbrev. Helse Fonna tek som hovudregel inn kandidatar som kjem frå vidaregåande skular. I løpet av januar vert lærlingplassane til hausten 2021 lyste ut.

Forutan ambulanselærlingane, har Helse Fonna 16 lærlingar innan helsefag, og 1 kokkelærling.