HELSENORGE

Går ned til grøn beredskap

Helse Fonna går frå gul til grøn beredskap.

Beredskapsleiinga i Helse Fonna bestemte måndag at helseføretaket går ned til grøn beredskap frå og med måndag 24. januar. Beredskapsleiinga vil sjølvsagt følgje pandemiutviklinga tett, og har låg terskel for å auka beredskapsnivået att.

– Vi gjer dette ut frå ei samla vurdering av kapasiteten på sjukehusa. Talet på pasientar med covid-19 har stabilisert seg, og det er færre av desse som treng intensivbehandling. No har vi komme i gang att med operasjonar, og prøver å ha så normal drift som mogeleg, forklarar administrerande direktør i Helse Fonna, Olav Klausen.

Heilt sidan 10. november 2021 har beredskapsnivået i Helse Fonna vore sett til gult. Det er den lengste perioden med gul beredskap så langt i pandemien. Grunngjevinga har vore mykje smitte i lokalsamfunnet og stort press på fleire avdelingar.

 

Framleis besøksrestriksjonar

Helse Fonna forventar auka smitte av omikron i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger, og difor vert besøksrestriksjonane vidareført av omsyn til pasientar og medarbeidarar.

– Vi er sårbare overfor smitte, sjukdom og karantene, og ser at sjukefråværet framleis er høgt. Difor held vi på besøksrestriksjonane, seier Klausen.

Les meir om besøksrestriksjonar her: Koronavirus - Helse Fonna (helse-fonna.no)

Klausen understrekar at det også i tida framover vert viktig å følgje nasjonale råd og reglar for smittevern, mellom dei å halde avstand og bruke munnbind når det ikkje er råd å halde nødvendig avstand.

–​ Og ikkje minst god handhygiene, legg Klausen til.

 

Beredskapsnivåa i Helse Fonna:

GRØNT NIVÅ  

Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar/tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

GULT NIVÅ

Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd, der situasjonen må handterast med utvida innsats/ekstraordinære ressursar/ tiltak.

RAUDT NIVÅ

Ei alvorleg uønskt hending har skjedd og det er stort behov for ekstraordinære ressursar/tiltak.