Full fart for ByggHaugesund2020

I 2021 skal det nye sjukehusbygget på 18 000 kvadratmeter i Haugesund stå klart. I dag er arbeidet med byggegropa i fint driv og ved hovudinngangen til sjukehuset er arbeidet med ny adkomstplass i gang.

Arbeidet med å klargjere tomta for nytt sjukehusbygg starta i januar. Til jul skal arbeidet vere ferdig. Kvar einaste vekedag klokka ni, tolv og/eller fem kan du rekne med sprenging på tomta. Gravearbeidet viser godt igjen når det er festa til film.


Ny adkomstplass

I tillegg er arbeidet med å lage ny adkomstplass til sjukehuset starta. Det er eit omfattande prosjekt som skal legge til rette for betre trafikkavvikling i området og sikre infrastruktur både for vei, grøfter og tekniske installasjonar.  Eit av husa i gata inn til sjukehuset er riven for å gi betre plass.

Helseekspressen skal flyttast til det nye adkomstområde i november. Det skal bli betre sykkelparkering og betre tilhøve for av- og påstiging. Ein del av område blir øyremerka parkering for funksjonshemma. Fortauet framføre dagens psykiatribygg og området ved hovudinngangen blir universelt utforma og vil få betra tilkomst for gåande. Grunna byggearbeida er det ikkje lenger tillatt å parkere langs gata inn mot hovudinngangen til sjukehuset. I siste del av oppgraderinga av adkomstplassen skal det også leggast til rette for einvegskjøring i område for å ta omsyn til mjuke trafikantar og sikre god trafikkavvikling. Vidare må det byggast ein heis frå eksisterande undergang under Karmsundsgata til nivå med hovudinngangen for å innfri krav om universell utforming. Arbeidet skal vere ferdig til februar 2019.

Bygget

Sjølve byggearbeida på det nye sjukehusbygget skal starte i februar 2019. Der blir det mellom anna nytt felles akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke, nye operasjonsstover, ny fødeavdeling og nytt topp moderne laboratorie. I tillegg skal det byggast ny intensiveining og ny observasjonspost i topp moderne lokale. Pasientane skal ta i bruk ny avdeling for hjarte- og lungemedisin og ny avdeling for eldremedisin. Etter at det nye bygget står ferdig skal meir enn 6000 kvadratmeter av dagens sjukehusbygg utbetrast og rehabiliterast. Heile byggetrinnet med nytt sjukehusbygg,  ombygging og oppgradering av dagens sjukehus skal stå ferdig i 2023.