Fryktar barn med uoppdaga diabetes skal komme for seint til sjukehus

Barn som blir dårlege grunna uoppdaga diabetes kan få symptom som minnar om covid-19. – Vi er uroa for at dei derfor ikkje kjem raskt nok til sjukehus, seier barnelege Grete Vigemyr.

Overlege Karianne Tøsse ved ein av landets største barne- og ungdomsklinikkar gjekk nyleg ut i Dagens Medisin og fortalte at dei ved Ahus allereie har sett fleire eksempel på alvorleg sjuke barn som ikkje har fått nødvendig tilsyn tidleg nok grunna frykt for covid-19. I desse tilfella var barna så dårlege at dei hadde fått syreforgifting, ein potensielt livstrugande tilstand. I Helse Fonna sitt opptaksområde får årleg rundt 15-20 barn påvist diabetes. Barnelege Grete Vigemyr vil gjere foreldre, fastlegar og legevakt merksame på symptoma, slik at ein unngår liknande hendingar lokalt.
 

Ber foreldre vere merksame på tidelege symptom

– Dersom barnet har uoppdaga diabetes over tid, kan det føre til syreforgifting. Dette gir symptom som kan forvekslast med covid-19, og derfor føre til at foreldre får beskjed om å ikkje ta med barnet til fastlege eller legevakt, åtvarar Vigemyr.
 
Symptom på syreforgifting kan vere magesmerter, oppkast, at barnet er slapp og har rask pust. Syreforgifting kan vere livstrugande og barnet må umiddelbart til sjukehus. Vigemyr seier foreldre bør vere merksame på dei vanlegaste symptoma på diabetes type 1 hos barn, som gjer seg gjeldande mykje tidlegare. Slik kan ein oppsøke helsehjelp før barnets helsetilstand blir så alvorleg at det får syreforgifting.

Drikk mykje og tisser ofte

– Barn med uoppdaga diabetes blir gjerne veldig tørste og drikker store mengder. Dei tissar derfor også ofte og mykje. Nokre barn blir slappe og går ned i vekt, forklarar Vigemyr.
 
– Dersom barnet ditt har nokre av desse symptoma, bør du kontakte fastlege for å få målt blodsukkeret, seier barnelegen.
 
Helsedirektoratet har laga nye retningsliner for å sikre at sjuke barn blir ivaretatt under pandemien. Dei meiner babyar og barn til og med barneskulealder skal vurderast av helsepersonell før dei blir testa for covid-19, slik at ein unngår situasjonar som dei Ahus har åtvara mot.

Diabetes poliklinkk - september 2020 - foto Eirik Dankel-2-crop.jpg