– Det er lite immunitet i befolkinga og særleg blant barn etter to vintrar med ekstremt lite smittespreiing. Vi ser allereie ganske harde utbrot i Sverige av RS-virus, og vi ventar ei stor influensabølge denne sesongen, seier Vigemyr.
RS-virus er eit vanleg virus som for voksne og større barn gir vanleg forkjølelse, men som for babyar og sårbare barn kan gi pusteproblemer som krev sjukehusinnlegging. Kvart år blir fleire babyar innlagt ved Haugesund sjukehus på grunn av dette viruset. Dei treng overvaking og av og til inhalasjonar og pustehjelp.
Bekymra for sårbare barn
Vigemyr er ekstra bekymra for at sårbare barn skal bli utsett for infeksjon av både RS-virus og influensavirus samtidig. Derfor har ho to tydelege råd til småbarnsforeldre:
– Det første er å halde babyen unna forkjølte vaksne for å unngå virussmitte. Det andre er å sørge for at barnet ditt får influensavaksine dersom det er i Folkehelseinstiuttet si risikogruppe, eller viss det var fødd prematurt og no er i alderen 6 månadar til 5 år, seier barnelegen.
Desse barna bør ta vaksine mot sesonginfluensa:
- Prematurt fødde barn (særleg barn født før veke 32 i svangerskapet) frå 6 månadar til 5 år
- Barn med: kronisk lungesykdom (inkludert astma), hjarte- og karsjukdom, diabetes type 1 og 2, leversvikt eller nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (som organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar), svært alvorleg fedme (KMI over 40), annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.