Helsenorge

Framleis stor tiltru til sjukehusa

Tiltrua til sjukehusa på Vestlandet held seg stabilt høgt, også under pandemien. Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Analyse.

I undersøkinga, som tek føre seg tidsrommet frå mai 2020 og eitt år fram, svarer dei spurde at dei har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng, både om ein blir sjuk av Covid-19 (snitt på 4,7 - kor 5 er best), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,4). Svara vert gjeve på tvers av kjønn og alder og er så å seie på snittet med tala frå i fjor, som viste 4,6.

 

 – Enorm inns​​ats

Spørsmåla er knytt til både åtferd og vurderingar. For vurderingsspørsmåla er det nytta ein 1-5 skala, der 1 er dårlegast og 5 er best. Innhaldet i skalaen varierer frå tilfredsheit til kor einig ein er i ulike utsegn.

Inger Cathrine Bryne Olav Klausen - foto Eirik Dankel_1.jpg

Gode tilbakemeldingar: Adm.dir i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne (t.v.) og adm. dir. i Helse Fonna HF, Olav Klausen, har all grunn til å gle seg over svara frå innbyggjarane, som etter ein lang pandemi med strenge smittevernreglar, har svært stor tillit til sjukehusa i vest. Foto: Eirik Dankel


– Etter eit krevjande år, både for pasientar og tilsette, er det godt å sjå at tiltrua til sjukehusa framleis er så høg, og at vestlendingane kjenner seg ivaretatt både i forkant, undervegs og etter behandling. Det vert lagt ned ein enorm innsats av alle som jobbar på sjukehusa. Deira kompetanse og evne til omstilling sørger for dei gode resultata, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

 

Best på behandling

Både pasientar og pårørande er godt nøgde med opplevinga dei har hatt med sjukehuset det siste året. Pasientane er aller mest nøgde med måten dei vart tatt vare på (4,4), og pleia og behandlinga dei fekk (4,5).

Litt lenger nede på skalaen, på 3,9, er snittet på kor nøgde pasientane er med opplevinga av ventetida på å få koma til behandling. At dette skårar dårlegare kan mellom anna skuldast at fleire konsultasjonar vart utsette ei tid på grunn av pandemien.

Pasientane har også blitt spurt om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå.

2000 vestlendingar fordelt på Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde over 18 år har svara på undersøkinga.​​