Framleis besøksforbod på Stord sjukehus

Pårørande til kritisk sjuke får komme på besøk.

Helse Fonna har vedteke å halde på besøksforbodet ved Stord sjukehus inntil vidare. Årsaka er at smittetala i Stord kommune også denne veka er høge, og situasjonen er uoversiktleg. Stord kommune har varsla at dei kjem med lokale tilrådingar i løpet av onsdagen.

Måndag og tysdag vart det registrert 17 nye Covid 19-smitta i Stord kommune. Fleire av desse har ukjend smitteveg.

- Vi vurderer smittesituasjonen på Stord som uoversiktleg og har vidareført besøksforbodet i dag. Ny vurdering vert gjort torsdag morgon. Vi vil gjerne presisere at pårørande til alvorleg sjuke kan ta kontakt med avdelinga og avtale besøk, og fedrar kan vere med på fødslar. Men det er viktig å understreke at besøksreglane må følgjast, og at ein må vere symptomfrie, understrekar klinikkdirektør Somatikk Stord, Anne-Beth Njærheim.

Stord sjukehus september  (2).JPG