Første sjukepleiar i landet som utfører cystoskopiar

Når sjukepleiar Eva Skogøy startar opp med sjølvstendig cystoskopering skal det gi kortare ventetider for pasientane og frigjere tid for legane ved Haugesund sjukehus i Helse Fonna.

– Eg skal ha poliklinikk éin dag i veka. Kontroll og oppfølging av blærekreftpasientar er hovudoppgåva, seier Skogøy. Sjukepleiaren er utdanna uroterapeut og har mange års erfaring med pasientgruppa. Det siste året har ho via Lunds universitet i Sverige tatt kurset «cystoskopi ved overflatisk urinblærekreft».

Cystoskopi er ei undersøking der ein fører eit lite kamera inn i urinblæra for å sjå etter teikn på sjukdom. Ein kan også ta vevsprøvar frå urinblæra. I dag er det berre legar med spesialisering innan urologi som gjer slike undersøkingar. Ved Haugesund sjukehus vil sjukepleiar Eva Skogøy no få ansvar for cystoskopering av pasientar som har hatt blærekreft og som kjem til faste kontrollar for å avdekke eventuelle tilbakefall.

Kortare ventetider

– Som dei fleste andre i landet har vi vanskar med å rekruttere nok urologar. Ventetidene er lange og pasientgruppa aukar, fortel Signe Elisabeth Hetland, leiar for urologisk seksjon i Helse Fonna.

Ho er positiv til jobbgliding ved enkelte spesifikke oppgåver og ser fram til at Skogøy nå kan gå i gang med cystoskopering. Hetland fortel at dei gradvis vil flytte pasientar som skal ha blærekreftkontrollar over på Eva si liste. Det er urolog som vurderer dette.

– Når Eva tar kontrollane, kan urologane bruke den tida på andre oppgåver der deira kompetanse og vurdering er nødvendig, seier Hetland. Ho håpar det vil bidra til å korte ned lange ventetider.

eva-skogøy-foto-stina-steingildra-1.jpg
GRATULASJONAR: Seksjonsleiar Signe Elisabeth Hetland (t.h.) gir blomar og gratulasjonar etter godkjent praktisk og skriftleg eksamen for Eva Skogøy. Foto: Stina Steingildra
 

Første sjukepleiar i landet

Skogøy er stolt over at arbeidsgivaren Helse Fonna er tidleg ute med ein praksis som har vore vanleg i Sverige og Danmark i fleire år. Sjølv vil ho helst ikkje snakke om at ho er første sjukepleiar i Norge som fullfører utdanninga.

– Min største motivasjonen er å få lære noko nytt, seier ho og vil heller snakke om kollegastøtten ho har fått. Både frå urologane, sjukepleiarane og leiinga.

– Alle urologane her har vore veldig positive og bidratt til at eg har fått god opplæring og mykje praksis, seier Eva Skogøy.

Det var tidlegare leiar og urolog Winifred Rüger som hadde idéen og tok initiativ til at Skogøy skulle ta utdanninga. Den høgt respekterte leiaren gjekk bort i februar i 2017.

– Eg ville gjerne vidareføre det arbeidet Rüger og eg starta, seier Hetland, som også takkar klinikkdirektør Berit Haaland for å ha støtta opp om tiltaket.

Gjorde funn hos tre av fire pasientar

Utdanninga har ho tatt i Sverige via Lunds universitet. Rundt fire turar over grensa har det blitt det siste året, med simulatortrening og teori.

– Når eg kom heim sette eg opp ein boks eg kunne øve på. Eg merkte sidene med «høgre», «venstre», «tak» og «botn» og trente på bevegelsane og korleis eg må tenke når det blir vist spegelvendt på skjermen, ler Skogøy, som også har jobba i fleire år ved Uro-Sør og assistert Arve Gustavsen under mange cystoskopiar.

Både tørrtrening og mykje praksis viste seg å vere nøkkelen til suksess; Kravet for å gå opp til praktisk og skriftleg eksamen er å ha gjort 50 cystoskopiar. Eva hadde gjort 120 då ho avla praktisk eksamen med leiar for Prostatasenteret ved Haukeland universitetssjukehus Yngve Nygård som sensor.

– Eg hadde fire pasientar til ordinær kontroll under eksamen. Eg gjorde funn i urinblæra hos tre av pasientane, medan den fjerde var tumorfri. Eg fekk dermed vist at eg har kunnskapen, seier Skogøy.

No ser den engasjerte sjukepleiaren fram til å ta kunnskapen i bruk, til pasientanes beste.