Første nasjonale prosedyre for Lewy body-demens er laga i Helse Fonna

For eit par år sidan fekk Helse Fonna ein førespurnad om å bidra med to nasjonale prosedyrar. Å vere med i ein dugnad rett og slett. No føreligg ein av dei, om Lewy body-demens.

 

– Vi på alderspsykiatri blei utfordra, sidan Lewy body-demens er ein diagnose vi har forska på i 10 år, seier overlege Arvid Rongve.

Saman fakk han med seg ein liten gjeng for å gjere jobben, heile tolv fagpersonar har vore innom gruppa som står bak prosedyren.

– Vi har hatt ei solid kjerne i gruppa og eg er veldig nøgd med resultatet, fortsett han, – no er eg spent på reaksjonar frå andre fagmiljø.

Ting tar tid

To år er gått sidan oppmodinga om å lage ein nasjonal prosedyre kom.

– Ting kan dra litt ut, det er mange som skal bidra. Eg trudde vel først at vi berre trengte trekvart år, seier han og ler. – Det er tidkrevjande å lage ei prosedyre.

Ein lang prosess

Krava er strenge for å få ei prosedyre godkjent i Helsebiblioteket. Tverrfagleg arbeidsgruppe, strukturar og problemstilling skal etablerast. Litteratursøk skal gjerast og alt skal bli gått gjennom. Så kjem utarbeidinga av sjølve teksten, sende på høyring, få den godkjent. Då er det herlig å komme i mål. Det skjedde i sommar.

– Litteratursøk, seier Rongve, – det tok mest tid. Vi tenkjer jo at temaet er noko vi kan, men litteratursøk må til uansett. Med oss på laget fikk vi kjempegod hjelp av bibliotekaren vår, Tonje. Saman fant vi masse litteratur, både nasjonalt og internasjonalt. Alt blei gjennomgått og så var det opp til oss å trekke essensen ut av det vi fant.

Men litteratur er ikkje alt.

– Praktisk erfaring er også viktig. Vi baserer oss difor også på klinisk erfaring og det vi veit om demens generelt, seier den erfarne psykiateren.

Ikkje alltid medisin er det viktigaste

For pasientar med Lewy body-demens er det ikkje nødvendigvis pilleglaset som er det viktigaste, meiner Rongve.

– Medisinar har ofte mindre effekt ved behandling av denne pasientgruppa, difor er andre typar behandling noko vi har valt å trekke fram. Det kan vere fysioterapi eller korleis ein snakkar med pasientar med Lewy body-demens. Dette har vore dårleg dokumentert for pasientgruppa, men eg meiner det bør prioriterast. Og akkurat det er eg også spent på, kva reaksjonar vi vil få på det.

Å dele, sjølvsagt

Etter to år er no prosedyren endeleg godkjent, ligg i Helsebiblioteket til bruk for alle helseføretaka i Noreg, både i lang og kort utgåve.

Der er også informasjonsmateriell til pasientar og deira pårørande, laga saman med brukarrepresentant. Prosedyren er også sjølvsagt også med i Helse Fonna si eiga metodebok.

Om to år er det revisjon, men akkurat no er det berre å gratulere gruppa med solid innsats og ny prosedyre.

Helsebiblioteket