Første koronadødsfall i Helse Fonna

Ein av dei koronasmitta pasientane på Haugesund sjukehus døydde måndag kveld.

Det var ein pasient i aldersgruppa +65 år. Dette er det første koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta.

Tysdag morgon var det fem pasientar med påvist covid-19 i Helse Fonna. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus, og ein av desse får intensivbehandling. Det er ein pasient i aldersgruppa 18-64 år.

Totalt er 85 medarbeidarar i Helse Fonna i koronarelatert fråvær, og føretaket har frå og med denne veka redusert litt på planlagt drift, for å ha kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.

Helse Fonna ber også om at pårørande unngår å komme på besøk, men understrekar at det er viktig at pasientar møter opp til timane sine, så lenge ein er frisk og ikkje har symptom. 

Haugesund sjukehus - inngang - foto Eirik Dankel.jpg

Pasient døydde: Helse Fonna har fått sitt første koronadødsfall. Pasienten var innlagd på Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel