HELSENORGE

Første fødsel i nytt sjukehusbygg

Det var ein liten karmøybu som fekk æra av å bli den første babyen ved ny fødeavdeling i Haugesund. Ho kom til verda same dag som utstyr og senger blei trilla frå gamle til nye lokalar.

Første fødende i Sydvest - september 2021 - foto Eirik Dankel_13.jpg

NY I VERDA: Ein liten Åkrabu såg dagens lys i den heilt nye avdelinga for føde, barsel og gynekologi. Stolte foreldre er John Stian og Linn Kristin Johannessen. Heime venter ei lita storesyster. Foto: Eirik Dankel

–  Ho er veldig lik på storesystera, seier den stolte tobarnsfaren John Stian Johannesen og ser ned på den vesle nyfødde dottera.

Godt inntulla i mjuke babypledd og ei fin strikkelue ligg ho og søv, heilt uvitande om at ho er littegrann historisk. I september er det meldt inn 120 terminar ved Haugesund sjukehus, og ho blei den første som blei tatt i mot ved den heilt nye avdelinga, 1. september klokka 18.16.

– Då vi kom inn på sjukehuset blei vi lagt inn på den gamle avdelinga, men så blei vi flytta til den nye, fortel mamma Linn Kristin Johannessen.

Første fødende i Sydvest - september 2021 - foto Eirik Dankel_9.jpg

I TRYGGE HENDER: Velsesyster veit ikkje at ho blei historisk då ho kom til verda. Foto: Eirik Dankel



Babyen ville nemleg komme til verda same dag som flyttelasset gjekk mellom gammal og ny avdeling. Sidan det framleis var ei stund til aktiv fødsel, kunne dei flytte over så snart den nye avdelinga var klar. Der blei dei tatt i mot med norske flagg og champagnebrus i stetteglas. Seks timar seinare var den vesle dottera fødd.

– Det er jo litt stas å vere først. Det er finare på denne avdelinga, og flott utsikt. Det er jo noko med det når det er heilt nytt, seier John Stian Johannessen.

Heilt heim til Åkrehamn kan dei ikkje sjå, men på barselrommet har dei fått nydeleg utsikt mot Karmøy. Her kan dei nybakte foreldra nyte ein varm lunsj med velsesyster mellom seg. Dei fleste sengeromma og nokre av fødestovene i ny avdeling for føde, barsel og gynekologi vender mot hav og himmel i vest. Utsikta er upåklageleg. Inntil ny kantine er på plass, blir maten servert inne på rommet.

ByggHaugesund2020 - august-2021 - foto Eirik Dankel_9.jpg

UTSIKT: Fleire rom på avdeling for føde, barsel og gynekologi har utsikt mot Karmsundet. Det har også dei nye takterrassane i bygget. Foto: Erik Dankel

Same tilbod i ny avdeling

– Den største forskjellen mellom gammal og ny avdeling er at lokala er lyse og moderne, inventaret er nytt og ventilasjonen og utsikta mykje betre. Tilbodet innan føde, barsel og gynekologi er det same, fortel avdelingsleiar Sidsel Petrine Vetås.

Det har vore hektiske veker og mykje planlegging fram mot innflytting. No er ho glad for å vere på plass og ønsker alle fødande velkomen til ei flott avdeling.

– Vi har hatt fem fødslar sidan vi flytta inn og ser fram til å ta i mot dei 115 neste, smiler ho.

Føde Haugesund 2021 - foto Eirik Dankel_5.jpg

ØNSKER VELKOMEN: Avdelingsleiar Sidsel Petrine Vetås ønsker fødande velkomen til nye lokalar. Her frå eit besøk i den gamle barselavdelinga tidlegare i år. Arkivfoto: Eirik Dankel

Éi av dei som står klare til å ta i mot nye verdsborgarar er hjelpepleiar Nina Raaen. Ho var med på den litt historiske fødselen på opningsdagen.

– Det var veldig kjekt. Det er nye og ukjente omgivnadar for oss som jobbar her, men omsorga vi skal gi den fødande er jo den same, seier Raaen, som har jobba ved avdelinga sidan 2003. Dette var hennar fødsel nummer 821.

– Om det er litt travelt på gangen, så skal fødestova alltid vere ein roleg sone. Det er det som skjer der inne som tel, seier ho.

Nina Raaen- september 2021 - foto Eirik Dankel_1.jpg

ERFAREN: For Nina Raaen blei det fødsel nummer 821. Her held ho tavla som dei markerer fødslar på. September er mellombels tom, men snart vil det vere rundt 120 små føter som markerer alle babyane som er kome til verda ved Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel