Forskinga hennar har endra behandlinga av bipolar liding

Ho har vist at bruk av oransje briller gir raskare betring enn medisinar hos bipolare pasientar i manisk fase. Såkalla virtuell mørketerapi er no internasjonalt tilrådd som behandlingsmetode og i dag disputerer Tone Henriksen for doktorgraden med funna sine.

– Eg føler meg som ein slags lys- og døgnrytmemisjonær. Mange kan få endra livet sitt om dei lærer om lys og mørke og korleis ein kan bruke det.

Det sa Tone Henriksen då ho vann Helse Vest sin innovasjonspris for studien om bruk av oransje briller i 2016. Studien resulterte i to artiklar som inngår i avhandlinga Henriksen i dag skal forsvare ved Universitetet i Bergen. Den tredje artikkelen omhandlar ein studie av bevegelsesmønster som ein måte å skilje akutt schizofreni frå bipolar liding og depresjon. Henriksen si avhandling er tilgjengeleg via Bergen Open Reserach Archive (BORA):

Blue-blocking glasses as adjunctive treatment for bipolar mania - and exploration of motor activity patterns in serious mental disorders

Tone Henriksen - nett.jpg

Lurer hjernen til å tru at det er mørkt

Det som har gitt Henriksen mest merksemd er forskinga på bruk av oransje briller som behandling av mani. Lyset rundt oss har eit breitt fargespekter. Om morgonen er lyset kaldt, medan det mot kvelden blir varmare. Dette påverkar prosessar i hjernen vår. Briller med oransje glas blokkerer det blå lyset, og dette får hjernen til å tru at det er mørkt. I sin studie frå 2016 ga Henriksen og kollegene oransje briller til pasientar som blei lagt inn på psykiatrisk sjukehus i manisk fase av si bipolare liding. Pasientane opplevde rask og tydeleg betring.

– Vi såg at pasientar i manisk fase blei markant betre etter berre fem til sju dagar. Dette er pasientar som elles kan vere innlagt på sjukehus i fleire månadar utan særleg betring. Bruk av slike briller kan kraftig redusere medisinbruken, seier Henriksen.

Tidlegare i år kom den internasjonale foreininga for bipolar liding, ISBD, med ei ny tilråding til behandling av bipolar liding. I rapporten deira inngår Tone Henriksen si forsking.

Direktør i klinikk for psykisk helsevern Kenneth Eikeset seier Henriksen har kombinert forsking og forbetring av klinisk praksis på ein framifrå måte.

– Behandlingstilbodet til menneske med stemningslidingar har fått meir merksemd og vi kan tilby betre og meir effektiv behandling enn tidlegare, seier han. 

 

Vil finne brytaren

Henriksen vil gjerne forske vidare etter doktorgraden.

– Det er mykje som står att å finne ut om effektar av lys og mørke i pasientbehandling. Og så lurer eg veldig på kor mykje einsemd verkar inn på den fysiske helsa til pasientane våre i psykisk helsevern.

Viss ho kunne finne svaret på berre eitt konkret spørsmål i forskinga si, kva skulle det vere?

– Kva er «bipolar-brytaren» hos mennesker? Altså mekanismen som sender éin prosent av befolkinga ned i depresjon eller mani. Vår forskning indikerer at lys og mørke verkar inn på ein slik brytar, men kva skjer inne i hjernen? Det blir ein jo veldig nysgjerrig på.