HELSENORGE

Forskarteam får millionstøtte frå Forskningsrådet

Forskningsrådet delte denne veka ut 1,3 milliardar kroner i støtte. Blant prosjekta som er prioritert er forskingsprosjektet ANeED.

ANeED er tildelt 16 millionar kroner, og dette er første gongen forskarar frå Helse Fonna får støtte frå Forskningsrådet.

Aneed april 2021 - foto Eirik Dankel_2.jpg 

Forskarteam: Elin Holst-Larsen (t.v.), Arvid Rongve og Marthe Alver Hovsbakken står i spissen for forskinga, som no har fått millionstøtte i Forskningsrådet. Foto: Eirik Dankel

- Dette er eit stort samarbeidsprosjekt med mange partnarar, som vi i Helse Fonna leiar. Dette er tilleggsforsking på sjølve legemiddelstudiet, som vi tidlegare har fått støtte til. Den første av tre arbeidspakkar handlar om berbare einingar, som vi gjer i samarbeid med UiB, Institutt for Informatikk, HVL, Atea og Apple Norge. Vi skal teste berbare einingar for å setje diagnose, måle medisineffekt og på sikt lage ein app som kan brukast til klinisk forsking i tilsvarande studiar. Arbeidspakke 2 handlar om pårørande-stress. Arbeidspakke 3 er eit såkalla PPI-program, som handlar om korleis ein kan få best mogeleg rekruttering til studiet. Her er SESAM ved SUS med som samarbeidspartner, fortel Arvid Rongve.

Dette er ei tilleggsløyving til studien som alt er i gang, der ein ser nærare på effekt av ambroksol ved demens med lewylegemer. Arvid Rongve og hans team er alt godt i gang med å undersøkje om medisinen ambroksol kan ha effekt ved kognitiv svikt eller demens som skuldast lewylegemesjukdom (DLB). Ambroksol er brukt som hostemedisin, men har vist seg å ha effekt mot ein sentral sjukdomsmekanisme ved DLB.

Det kom inn 423 søknader til Forskningsrådet, og berre 91 prosjekt nådde opp. 

- Vi fekk inn svært mange sterke søknader. Dt er veldig positivt å sjå at det er stor vilje blant forskingsmiljø, bedrifter og det offentlege til å gyve laus på dei utfordringane dei møter i sin kvardag. Arbeidet som forskingsorganisasjonane og deira partnarar har lagt ned i søknadene er imponerande, seier adm. dir. Mari Sundli Tveit i Forskningsrådet.