Forskar meiner tenestetilbodet må endrast for å hjelpe dei sjukaste pasientane

Ein ny forskingsstudie frå Helse Fonna viser at fagfolk og brukarar opplever at personvern og ulike journalsystem kan vere til hinder for god samhandling om pasientar innan rus og psykiatri. 

For at pasientar med alvorlege lidingar innan rus og psykiatri skal få god nok hjelp, må ei rekke instansar samarbeide. Personen får behandling eller oppfølging i både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, samtidig som Nav, barnevernet og fleire andre aktørar ofte er involverte. Ikkje sjeldan blir politiet tilkalla når personen hamnar i trøbbel, og vegen til innlegging blir kort. I den ferske studien frå Helse Fonna er personar som jobbar innan alle desse etatane intervjua om korleis dei opplever si rolle og samarbeidet med dei andre. Mange brukarar hamnar i ein vond sirkel frå akuttinnlegging, rask utskriving, utilstrekkeleg oppfølging, innbringing til legevakt via politiet og ny innlegging.

– Vi har etter kvart mykje forsking som viser at korleis vi gir helsehjelp har noko å seie for helsa til pasienten, ikkje berre kva type behandling pasienten får, seier forskar Eva Biringer i Helse Fonna. Ho har lenge drive med helsetenesteforsking, som nettopp handlar om korleis vi kan organisere behandlinga betre og på ein måte som faktisk gir helsegevinst for pasienten. 

Studien viser at både lovgivinga, journalsystema og organiseringa av helsetenestene kan stå i vegen for den samhandlinga intervjuobjekta meiner må til. 


– Fagfolka vi intervjua meiner mellom anna at alle partar bør ha tilgang til pasienten sin oppdaterte behandlingsplan, kriseplan og informasjon om kven som er primærkontakt, seier Biringer. Fagfolka gir i studien ei rekke forslag til forbetring av noverande organisering og samarbeid, og dei gir ei oppskrift på vellukka tverrfaglege møter. 

Eva Biringer crop.jpg

FORSKAR PÅ HELSETENESTER: Forskar Eva Biringer forskar på kva organiseringa av helsetilbodet har å seie for pasientane. Foto: Eirik Dankel



Må dokumentere for å endre

Ho understrekar at desse utfordringane er kjente, men at det ikkje fins mykje forskingslitteratur som skildrar dei.

– Desse utfordringane har vi hatt i fleire tiår, men det er nødvendig å gjennomføre slike studier der ein går systematisk inn og skildrar utfordringane dersom ein skal kunne jobbe for ei endring, seier Biringer. 

Heldigvis skjer det no mange endringar i måten fagfolk samarbeider på som kan betre samhandlinga, meiner forskaren. Mellom anna gjeld dette nye meldingssystem og «pasientforløp». 

– Kunnskap og forståing for andre hjelpeinstansar sitt arbeid vil betre tenestene til pasientar med alvorlege utfordringar innan rus og psykiatri. I intervjua kom det fram behov for møteplassar for fagfolk på tvers av spesialisthelseteneste, kommunehelseteneste, politi, legevakt, NAV og barnevern. Mange fagfolk ønskte seg moglegheiter for å kommunisere betre med andre involverte aktørar, seier Biringer.

 

– Behandling er ikkje einaste vegen til eit betre liv

Eva Biringer og kollegene har også intervjua pasientane om deira oppleving av samanhengen i tenestene. Pasientgruppa som blei intervjua har stor rusbelastning og psykiske lidingar. Dei har utfordringar med å skaffe seg og halde på jobb, venner og familie og nokre har ingen stad å bu.

– Felles mål for tiltaka og felles forståing av faggruppene sine ulike roller er viktig. Det er viktig å ha respekt for tenestebrukaren og andre faggrupper si forståing av problema. Brukaren sine behov kan sjå ulike ut frå ulike perspektiv.

– Det å få eit betre liv kan skje på andre arenaer enn i behandling. Betring skjer ikkje berre inne på terapeuten sitt kontor, men også saman med nye venner eller aktivitetar. Derfor må vi jobbe saman omkring den enkelte sine ønske og behov i livet, meiner Biringer. 

Deltakarane i studien peikte for eksempel på at NAV-tiltak som gjeld hus og økonomisk tryggleik bør skje parallelt med behandlinga for rus eller psykiske lidingar, eller etter ein samstemt plan med tydelege mål. Kanskje vil det å få ein eigen stad å bu eller oppleve meiningsfulle aktivitetar i kvardagen gjere brukaren meir i stand til å følgje og få nytte av den psykiatriske behandlinga. Biringer viser til kva dette krev av samarbeid mellom instansane.

– Ønskar seg eit "vanleg liv"

– Vi må bli betre til å snakke saman og ta brukaren med i samtalen om kva som er han eller ho sine ønske og mål i livet og legge opp hjelpa etter dette. For at dette skal fungere må alle aktørar kjenne til kvarandre og trekke i same retning; mot brukaren sine mål. Samarbeid på tvers fungerer betre når måla er definerte av brukaren sjølv.

– Veldig mange ønsker seg eit «vanleg liv», å ha ein hobby, vere med venner, ha ein familie, reise og oppleve ting. Hjelpetenesta må sjå desse håpa og draumane og også hjelpe vedkomande å sjå noko å leve for, seier Biringer.

Dei andre involverte i prosjektet var: Haldis Ø. Lier (psykiater, PhD, Helse Fonna HF), Oddbjørn Hove (psykologspesialist, PhD, Avdeling for forsking og innovasjon, Helse Fonna HF, Haugesund), Øivind Johnsen (psykologspesialist , Stord DPS).

Les også den nærliggande studien "Continuity of care as experienced by mental health service users - a qualitative study" hos BMC Health Services Research