Forløp gir betre hjelp til barn og unge

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var i fjor haust med på å lansere prosjektet barn og unges helseteneste i Helse Fonna. I dag var han tilbake og ville gjerne høyre kva erfaringar ein har gjort seg til no.

– Eg er veldig spent på kva eg skal få høyre i dag. Etter lanseringa i haust har eg snakka varmt om prosjektet når eg reiser rundt i landet, og etter denne dagen kan eg også dele meir om korleis det har gått, sa statsråden.

Sikre hjelp ved første bekymring

Rundt bordet sat representantar frå heile hjelpeapparatet i både kommune og spesialisthelseteneste, saman med medlemer i ungdomsrådet i Helse Fonna. Det var eit gledeleg gjensyn med både Emma Sofie Lae-Pedersen og Siv Emberland, som sist trefte statsråden under lanseringa av prosjektet barn og unges helseteneste.

bent-hoie-bup-foto-stina-steingildra-2-nett.jpg

Emma Sofie Lae-Pedersen, Siv Emberland og Emily Hunter er medlemer av ungdomsrådet i Helse Fonna. Dei fall for terapihunden Jola som dei og statsråden fekk treffe i dag.

Vi ville lage eit løp for å sikre at barn og unge får hjelp når den første bekymringa oppstår

Ester Espeset, psykologspesialist
 

 
Psykologspesialist Ester Espeset var både leiar for dette prosjektet og har vore lokalt ansvarleg for innføring av pakkeforløp i BUP denne vinteren. Ho fortalte levande om effekten av samhandling på tvers av kommune og spesialisthelseteneste.

– Vi visste at pakkeforløpa skulle komme, men vi ville tidleg lage eit løp som skulle sikre at barn og unge får hjelp allereie når den første bekymringa oppstår, ikkje først når henvisninga blir sendt, sa Espeset.

Resultatet blei barn og unges helseteneste, som både er samhandlingsforløp som gjer det tydeleg kva rolle og ansvar dei ulike instansane har, og informasjon til foreldre og vaksne rundt barnet om kor dei kan få hjelp når dei er bekymra.

Statsråden var imponert over arbeidet som er gjort, og gledde seg over å høyre at både PPT, fastlege og kommunal barne- og familieteneste meinte både samhandlingsforløpa og pakkeforløpa har gjort tenestene betre.

– Viktig med dialog om pasienten

 
Fastlege i Tysvær kommune Linn Hatteland trekte fram dialog om pasienten som viktig.

– I eit konkret tilfelle no har eg fått fire tilbakemeldingar frå BUP om status for behandlinga til ein pasient som blei henvist frå meg i desember. Det er til stor fordel for pasienten, og eg skulle ønske vi kunne samarbeide enno tettare, for eksempel med tverrfaglege dialogmøter, sa ho.

Etter engasjert dialog rundt bordet fekk statsråden treffe ein pasient og familien som både hadde erfaring med helsehjelp i BUP før pakkeforløpa blei innført og etter. Deretter gjekk turen innom gymsalen, der Høie fekk prøve trampolinane som blir brukt i behandling på BUP. Terapihunden Jola var med på heile besøket, i sitt vante arbeidsmiljø.

bent-hoie-bup-foto-stina-steingildra-1-nett.jpg

Stasråden fekk prøve trampolinen i gymsalen.

Besøket i Helse Fonna blei avslutta med eit pasientmøte i ACT, eit oppsøkande team for vaksne pasientar med alvorleg rus- og psykiatriproblematikk.