Før jobba han som tømrar – no vil han bygge seg eit rusfritt liv

Magnus sin motivasjon er klar: Han vil vere ein pappa for ungane sine. Ved ungdomseininga på Karmøy DPS får han rammene og ansvaret han treng.

– Det er utruleg bra her, på mange måtar, seier 25-åringen.

Etter snart seks månadar ved ungdomseininga har han nådd fleire mål. Han har klart å skaffe seg leiligheit og han har fått ny jobb. Men det aller viktigaste er at han har klart å halde seg rusfri sidan han kom.

– Eg setter meg nye delmål heile tida, saman med teamet mitt. Dei jobbar både med meg og for meg. Det gir ei viss forplikting, sier Magnus.

Meistring og egenverd

Ungdomseininga er eit tilbod til rusavhengige mellom 18 og 27 år som også har psykiske helsevanskar. Det er eit regionalt tilbod i Helse Vest, og tar derfor i mot pasienar frå heile Vestlandet.

Les meir om tilbodet og tilvisingsrutinar– Mange av våre ungdommar har hatt vanskar med rus og avhengigheit gjennom heile ungdomstida si. Derfor treng dei hjelp på dei fleste områda i livet, seier funksjonsleiar og psykologspesialist Karianne Christensen.

Det overordna målet er at den enkelte skal klare å etablere ein måte å leve på som er førebyggande mot tilbakefall.

– Då må ein ha ein stad å bu, ein jobb, meiningsfull fritid og eit nettverk. Ikkje minst må ein oppleve meistring og eigenverd, seier Christensen.


LANGVARIG TILBOD: Ved ungdomseininga kan ein vere i opptil eitt år. – Mange held kontakten etterpå, fortel funksjonsleiar og psykologspesialist Karianne Christensen. Foto: Stina Steingildra

Teamet til Magnus består av fire personar. Ved ungdomseininga jobbar både sosionomar, barnevernspedagogar, sjukepleiarar, psykologspesialistar, psykiater, vernepleiarar og miljøterapeut med idrettsfag.

Treng du hjelp med heile livet, treng du både eit lag og ein heiagjeng.

Ein slags familie

Magnus kjenner han er på rett veg.

– Det er harde dagar, men eg treng nokon som sparkar meg i gang. Livet her er rutineprega, men det er godt å bli tvungen inn i faste rammer, seier han.

Ungdommane får eige rom og bad. Likevel bur dei tett på kvarandre. Her er det alltid livleg, med mykje humor, musikk, skateboard i gangane, filmkveldar og felleskap.

– Det er både det beste og det verste med å vere her. Vi blir som ein familie, på ein rar måte. Det er så gode folk her, både dei som jobbar her og dei som bur her, seier Magnus.

– Då eg kom hit var eg full av angst. Eg var redd for at det skulle vere ein skummel plass med masse galningar.

Laga sin eigen stad for kvalitetstid

I staden fekk han sitt eige team og venner for livet. Éin av dei andre ungdommane er Kristian. Saman med Magnus har han oppgradert uteområdet ved sjøen, eit initiativ dei tok sjølv.

– Det såg ikkje ut der nede, seier Kristian.

– Det var falleferdig og gjengrodd. Eg ville jobbe med uteområdet for å ha noko å gjere på utanom fellesaktivitetane, men også for at brukarane ved Karmøy DPS skulle få ein eigen stad i nærleiken. Ein plass ein kan gå for å få litt kvalitetstid på vanskelege dagar.

Magnus og Kristian har hatt heile ansvaret for prosjektet: Budsjett, framdriftsplan og utføring. No går det ein rydda sti frå plenen foran DPS-et over ei lita eng og ned blant grønne tre ved sjøkanten. Her har dei laga ny platting, nye benkar og murt opp ein utegrill. Vatnet klukkar i fjøresteinane, og litt lenger ute duppar ein robåt som snart skal få ny påhengsmotor. For Magnus som er tømrar var det eit givande prosjekt.

– Eg såg at vi kunne bruke ressursane mine på ein positiv måte. Eg har sakna å bruke fagkunnskapen min.

Held kontakten

Christensen blei så imponert over jobben deira at ho inviterte til ei stor opningsmarkering. Magnus både gledde og grudde seg.

– Eg likar ikkje merksemd og situasjonar med masse folk. Men det er jo bra å eksponere seg for det ein er redd for, så eg stilte opp.

Sjølv om han har fått seg leiligheit skal han framleis ha eit tilbod ved ungdomseininga, i alle fall ut året. Det tar tid å bygge eit solid reisverk, sjølv for ein tømrar.

– Våre ungdommar driv med store endringsprosjekt. Det tar tid og derfor har dei tilbod om å vere knytt til oss i eitt år. Mange held også kontakten med oss etterpå. Dei kan bli med på tur eller kino, komme innom og spise kvelds eller berre ringe oss for ein prat, seier Karianne Christensen.

Tilbakefall blant ruspasientar er vanleg. Mange må i behandling fleire gonger før dei klarar å bli rusfrie. Christensen er ikkje i tvil om at rusbehandling nyttar.

– Mitt svar på det er eit klart ja. Den enkelte sin auke i livskvalitet er enorm. Berre det å bryte destruktive mønster er verdifullt. Dei treng hjelp til å finne ut kva som skal til for å leve eit godt liv utan rus, og deretter få hjelp til å skape det livet.

Av omsyn til personvernet bruker vi ikkje Magnus og Kristian sine verkelege namn.