Fonna-forskar får innovasjonspris for oransje briller

Tone Henriksen er tildelt Helse Vest sin innovasjonspris for sitt arbeid med oransje briller som behandling mot bipolar mani.

Foto: Grenda/Håvard Sætrevik
Fekk innovajonspris: Tone Henriksen viser dei oransje glasa i brillene som er brukt. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda

– Eg håpar prisen vil gjerne det lettare for meg å auke kunnskapen om lys, søvn og døgnrytme. Dette er utruleg viktig for helsa til både friske og sjuke, sier Henriksen, som er seksjonsoverlege ved Valen sjukehus og forskar i Helse Fonna/Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen. Prosjektet som sikra prisen handla om sjuke pasientar, men Henriksen meiner kunnskap om dette vil kome alle til gode:

– Eg føler meg som ein slags lys- og døgnrytmemisjonær og trur mange kan få endra livet sitt om dei lærer om lys og mørke og korleis ein kan bruke det.

Rask betring

Prisen blei delt ut under Helse Vest sin forskingskonferanse torsdag kveld. Juryen bruker ord som «enkelt», «genialt» og «kreativt» om Henriksen sitt prosjekt Virtuell mørketerapi som ny behandlingsmetode for bipolar mani. Kort fortalt innebar behandlinga at bipolare pasientar i manisk fase brukte oransje briller som blokkar den blå fargen i lyset rundt oss. Dette bidrar til å regulere prosessar i hjernen som er kjenslevare for lys, og ga rask og tydeleg betring hos pasientane.

– Vi såg at pasientar i manisk fase blei markant betre etter bare 5-7 dagar. Dette er pasientar som elles kan vere innlagt i sjukehus i fleire månadar utan særleg betring. Bruk av briller kan kraftig redusere medisinbruken, seier Henriksen.

Resultata frå studien har bana veg for utbreiing av denne nye behandlingsformen og er i ferd med å endre behandlinga ved bipolar liding både i Norge og andre deler av verda. Studien er både omtalt i vitskaplege artiklar internasjonalt, i to amerikanske fagbøker og har fått merksemd i populærvitskaplege kanalar som NRKs Schrödingers Katt og i det amerikanske magasinet Newsweek.

–  Dette blir snart vanleg

Resultata av Henriksen si forsking har gitt mye merksemd – det gjer også prisar.

– Det å få positive tilbakemeldingar er sunt også for meg, men eg er så gamal at det ikkje er aktuelt å bli høg på meg sjølv.

Tone Henriksen fortel at det er gjort studier med bruk av oransje briller også for andre grupper.

– Virtuell mørketerapi blir no prøvd på avdelingar over heile landet, og også i andre delar av verda.  I tillegg er det ei rekkje andre bruksområde for brillene som er støtta av resultat frå forsking. Det føreligg no studier gjort med skiftarbeidarar, ungdom som bruker elektroniske media på kveld og natt, vaksne med ADHD, kvinner med fødselsdepresjon og med personar som har innsovningsvanskar.

Henriksen trur bruk av slike blåblokkerande briller vil bli vanleg snart.

– Ja, mange vil ha nytte av å halde på ein regelmessig og sunn døgnrytme ved hjelp av brillene. Eg trur folk vil skjøne dette innan kort tid no og at det dermed ikkje vil følgje noko stigma med å bruke slike briller på kvelden.

Henriksen understrekar at ein ikkje skal gjere eigne forsøk med slike briller utan å skaffe seg kunnskap om bruken først, og ingen bør på eiga hand endre medisineringa si som følgje av  bruk av briller.

– Det er forskjellige tilrådingar for bruk med forskjellige tilstandar. Det er viktig at det blir gjort rett, elles kan ein få for mykje forstyrringar av døgnrytmen.