Fødande ved Stord sjukehus kan ha partnar med under barselopphaldet

Grunna pandemien har fødeavdelingane i Helse Fonna innført strenge reglar for følgje til gravide og fødande. No kan Stord sjukehus opne for at friske partnarar kan vere med under barselopphaldet.

​Frå og med 30. april har Stord sjukehus opna for at friske partnarar kan følgje med mor til barselavdelinga etter fødselen. Dette gjeld så langt ikkje ved Haugesund sjukehus.

- Vi kan tilby einerom og har derfor moglegheit for å ta i mot partnar på barsel, seier leiar ved føden på Stord sjukehus Isabel Solvang Tofte.

Ho understrekar at partnar må vere frisk og at dei vil bruke sjekkliste for å sikre dette. Partnar har heller ikkje moglegheit til å forlate sjukehuset og komme tilbake for å overnatte, men må vere saman med mor frå fødsel til opphaldet er over.

- Vi vil ikkje opne for besøk frå andre på barselavdelinga enno, heller ikkje søsken, seier Solvang Tofte.

Haugesund sjukehus har ikkje same moglegheit til å skjerme barselkvinnene, så her gjeld framleis reglane om at mor kan ha med partnar under fødsel dersom vedkomande er frisk, men ikkje under barselopphaldet.

Les meir om gjeldande retningsliner for fødande i Helse Fonna.