Fleire kan få hjelp med eMeistring

Korte ventetider og fleksibilitet for pasientane. eMeistring betyr at fleire pasientar kan få behandling for angst og depresjon, når det måtte passe for dei – via internett.

eMeistring er rettleia internettbehandling mot depresjon, sosial angst og panikkangst. Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdsterapi, men kontakten mellom terapeut og pasient skjer via nettet. Behandlingsprogrammet går over 14 veker og har vist seg å vere svært effektivt. Erfaringane til no er nemleg at behandlinga gir like gode resultat som klassisk behandling. To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått god effekt.

Her finn du eMeistring


Meld deg på sjølv
Enn så lenge må du via fastlegen for å bli tilvist til eMeistring, men eit eige påmeldingsskjema du sjølv kan fylle ut vil vere tilgjengeleg tidleg i 2021.

eMeistring krev at du jobbar sjølvstendig med oppgåvene du får frå terapeuten. Dette betyr at du må vere motivert for å jobbe med utfordringane dine og sette av tid til lesing, refleksjon og arbeid med oppgåvene.

Behandlinga er fleksibel og lett tilgjengeleg. Du slepp å ta fri frå jobb, slepp lang reiseveg, og du betaler berre for første time.

En hånd som holder en mobiltelefon foran seg

Dette kan du få behandling for

eMeistring tilbyr behandling til deg som har panikkliding, sosial angst eller mild til moderat depresjon. Det er ikkje tilrådd med eMeistring dersom du har ei alvorleg psykisk liding, høg sjølvmordsrisiko eller ubehandla rusproblem. Du må også ha gode nok leseferdigheiter til å komme deg gjennom oppgåvene i modulane.

Korte ventetider 
Tida for å komme til behandling i eMeistring er kort samanlikna med anna behandling innanfor psykisk helsevern. Kvar terapeut kan behandle opptil tre gonger så mange pasientar samanlikna med dei som tilbyr ansikt-til-ansikt-behandling. Det betyr at langt fleire no kan få hjelp.

eMeistring har vore nytta i Helse Bergen sidan 2013, og i 2019 blei behandlinga godkjent av det statlege organet Beslutningsforum. Tilbodet blir no tatt i bruk i heile Helse Vest, inkludert Helse Fonna.

Meistring av bekymring knytt til covid-19

Teamet bak eMeistring har også utvikla eit nettbasert sjølvhjelpsprogram for deg som opplever auka stress og uro i høve til covid-19. Dette er gratis og tilgjengelig i heile Noreg på: www.co-mestring.no.