Færre pasientar innlagt sjukehus

Det har i 2018 vore færre pasientar innlagt i sjukehusa i Helse Fonna enn tidlegare år, men fleire pasientar har fått behandling i poliklinikk og som dagtilbod. Dette er ei styrt og ønska utvikling til beste for pasientane.

Endringa skal gi ei meir effektiv drift av sjukehusa og har mål om redusere ventetida for pasientane. Styret i Helse Fonna vedtok i dag eit budsjett for 2019 som er både stramt og nøkternt. Styret ba administrerande direktør søke Helse Vest om redusert resultatkrav frå 50 til 40  millionar kroner neste år

- 2019 vil bli eit økonomisk krevjande år, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen og viser til ei reell nedgang i sjukehuset sine overføringar og inntekter knytt til pasientbehandling. Det blir derfor viktig å utvikle dei gode pasientforløpa for å sikre god behandling på ein effektiv måte. Det vil i 2019 bli både samdrift av sengepostar og reduksjon i kveldspoliklinikkar. Bemanningsplanar skal justerast for å vere tilpassa endring i behandlinga når pasientane går frå døgn- til dagbehandling.

I Haugesund vil det bli lagt til rette for endringar for å tilpassa drift til nytt sjukehusbygg som står innflyttingsklart sommaren 2021. Då skal det mellom anna takast i bruk ny avdeling for hjarte og lungesjuk, ny avdeling for eldremedisin og nytt akuttmottak for fysisk og psykisk sjuke. Eit splittert nytt laboratorium blir fullautomatisert i nytt bygg. Innan psykisk helsevern skal behandlingstilbodet styrkast. For kreftpasientar skal det framleis vere rask utredning og behandling.

Investeringar

Det skal i 2019 investerast for nær 600 millionar kroner i Helse Fonna. Hovudtyngda av desse pengane skal brukast på nytt sjukehusbygg i Haugesund, men det er og rom for ei rekkje andre investeringar. Det skal totalt investerast for 50 millionar kroner knytt til brannsikring på fleire av sjukehusa, ombyggingar og nytt medisinsk teknisk utstyr kor både utstyr til føde/barsel, dialysemaskinar og nytt simuleringsutstyr står på planen. Sju millionar kroner skal nyttast til innkjøp av nye ambulansar.

- Det er store investeringar i Helse Fonna dei komande åra som kommer pasientane til gode. Vi har fått lån over statsbudsjettet til å bygge nytt i Haugesund, men vi bruker eigne midlar til nødvendige oppgraderingar og nytt utstyr både på Stord, Odda og Valen sjukehus, seier Svendsen. Han påpeikar at det til ei kvar tid er årets resultat som er førande for neste års investering.