Willmann er lege og i gang med spesialistutdanning innan barnesjukdommar ved barneavdelinga i Helse Fonna. Det var under Norsk barnelegeforening sitt årlege vårmøte han fekk tildelt prisen.
– Du får maks åtte minutt til å presenterer noko forskingsrelatert og så blir du vurdert ut i frå visse kriterie. Det går både på det faglege innhaldet, kor godt det er formidla og nytteverdien for tilhøyrarane, forklarar Willmann, som seier det var ekstra stas å få prisen under Norsk barnelegeforenings 100-årsjubileum.
Prisen er for meg eit bevis på at også små fagmiljø kan gi viktige bidrag til internasjonal forsking
Yngve Sønnesyn Willman, lege i spesialisering
Han fortalte om korleis barneavdelinga ved Helse Fonna har bidratt i eit internasjonalt forskingsprosjekt som har klart å finne ut kva genmutasjon som ligg til grunn for eit svært sjeldan syndrom.
– Det er berre 14 kjente tilfelle av personar med dette syndromet i heile verda, seier Yngve Sønnesyn Willmann.
Han er stolt over å vunne prisen, men vil først og fremst fremme fagmiljøet ved barneavdelinga.
– Prisen er for meg eit bevis på at også små fagmiljø kan gi viktige bidrag til internasjonal forsking. Vi er ni overlegar og sju legar i spesialisering her i barneavdelinga ved Haugesund sjukehus. Det gjer at vi jobbar tett og får eit veldig godt arbeidsmiljø, seier Willmann.