– Eg er veldig glad for denne prisen. Det vi har gjort er komplekst , seier Eva Karin Schmidt, avdelingsleiar ved hjarte- og lungeavdelinga i Haugesund, som på fredagens styremøte fekk Helsa Fonna sin kvalitetspris for 2021.
Og ho gjev æra til alle dei engasjerte medarbeidarane som jobbar på lungepoliklinikken.

Heider: Dei tilsette på lungepoliklinikken fekk heider og gode ord under fredagens styremøte. Foto: Eirik Dankel

Nøgd: Ragnhild Frette Kyvik vart glad då avdelingsleiar Eva Karin Schmidt (med ryggen til) kom for å informera om kvalitetsprisen. Foto: Eirik Dankel
Med ein pandemi på toppen
Prosjektet dei no blir heidra for handlar om å få betre oversikt og redusere ventelista utan å auka ressursane. Arbeidet starta rett før pandemien, og med fasit i handa, kan Schmidt slå fast at resultata står til toppkarakter. Frå prosjektet starta har pilene peika rett nedover. På ein god måte.

– No kan eg vite at vi ikkje har fristbrot. Folka her har kontroll. Det er herleg! Eg er også stolt av at vi har klart å få dette til i tillegg dagleg drift, med ein pandemi på toppen. Tenk, sjølv om vi har det vanvitig travelt, klarer vi å få til forbetring og skape betre kvalitet, seier Eva Karin Schmidt (biletet).
Høg fagleg standard
Resultata av kvalitetsprosjektet blei lagt fram i styremøtet, til mykje ros.
Helse Fonna sin kvalitetspris blir delt ut til enkeltperson eller eining som kan dokumentere gode tiltak og resultat som fremmer kvalitetsutvikling. Prisen er på 40.000 kroner som skal nyttast til kvalitetsfremmande tiltak i 2022.
I vurderinga av søknadane blir det lagt vekt på om tiltaka har høg fagleg standard, bidreg til reduksjon av skader og biverknader, god tilgjengelegheit og kontinuitet for pasientane, høg brukartilfredshet eller god ressursutnytting.
Vil tilby fleire fulle stillingar
Til neste år skal det startast eit arbeid for å leggje til rette for at flest mogeleg av dei medarbeidarane som har deltidsstillingar kan få auka stillingsprosenten om dei ønskjer det.
Det kjem fram i budsjettet for 2022, som styret i Helse Fonna behandla og vedtok fredag.
Deltidsstillingar har lenge vore ei utfordring i helsevesenet, og Helse Fonna er ikkje noko unnatak. Difor er det no vedteke auka satsing på heiltid.
- Medarbeidarundersøkinga for 2021 viste at fleire peikte på høg arbeidsbelastning og manglande ressursar. Helse Fonna har fleire medarbeidarar i deltidsstilling som ynskjer høgare stillingsprosent. Ein av fem overordna risikoar som føretaksgruppa i Helse Vest peiker på er ekstern turnover. Desse faktorane gjer at administrerande direktør vil sette i gang eit arbeid for å auke stillingsprosent og heiltid for medarbeidarar i føretaket i 2022, står det å lesa i sakspapira.
Må redusere kostnaden
I samband med at nytt sjukehusbygg blir tatt i bruk er resultatkravet planlagt utifrå at føretaket no skal ta inn nye høge faste kostnadar i drifta. Seinare skal dette takast igjen med budsjett i pluss på eit langsiktig berekraftig nivå.
Difor blir det for første gong sidan 2007 lagt fram eit budsjettframlegg med raude tal. Driftsinntekter på 3,927 milliardar, og utgifter på 3,947 mrd. gjev eit negativt driftsresultat på 20 millionar kroner.
- I takt med aukande oppgåvemengde og utfordringar i drifta er det stadig meir krevjande å få rammer og inntekter til å strekke til. Enkelte kostnadar, som til dømes legemidlar og IKT aukar stadig meir enn prisveksten skulle tilseie. I tillegg er det i 2022 venta press på prisar og i særleg gjeld dette innanfor straum og andre energiformer. Andre tilhøve som fortsatt spelar inn er pandemien og innflyttinga i nytt bygg, der drifta i skal komme på plass og budsjetterast i sitt første heile driftsår i 2022. Arbeid med realisering av gevinstar med ByggHaugesund2020 og IKT-prosjekt må fortsetje med full tyngde, skriv administrerande direktør i saka.
Her vert det understreka at kostnadsreduserande tiltak må til slik at ein kjem på rett kostnadsnivå.
Høgare personalkostnader
Frå 2017 har det innan somatikk vore høgare vekst i personalkostnader enn i den inntektsgivande aktiviteten. Med pandemien i 2020 og 2021 har gapet mellom personalkostnader og inntektsgivande aktivitet blitt større. Dette gjer utfordringar då føretaket framleis må ha auka beredskap, etter alt å døme inn i 2022.
Pandemisituasjon og dels ein stor og krevjande flytteprosess har sett Helse Fonna i ein situasjon med noko ettersle , auka ventelister og fristbrot.
Rosar medarbeidarane
Helse Fonna er for tida i ein pressa situasjon, med mange pasientar, fulle avdelingar og høgt sjukefråvær blant medarbeidarane. Det gjer at mange legg ned ein ekstra innsats for å få vaktkabalen til å gå rundt.
Eit samla styre understrekar at dei er svært nøgde med innsatsen, etter å ha stått i ein pandemi sidan i fjor vår. Dei ber difor administrerande direktør om å gje medarbeidarane ros og positiv merksemd.