Helsenorge

Får ros i miljørapport

Ann-Britt Aarnes Sikveland vidarefører miljøtiltak i privatlivet til jobben som leiar for matforsyning på Stord sjukehus.

–​ Men eg har gode støttespelarar i dei andre her på kjøkkenet, og særleg Kristian Unnemark Sætre og Mari Kirsti Grøsvik Langeland. Vi er heilt samde om dette. Det er viktig å ta vare på miljøet, seier Ann-Britt Aarnes Sikveland, som er funksjonsleiar ved Matforsyning Stord.

Kjøkken Stord juni 2021 - foto Magne Kydland_2.jpg

Får skryt: Funksjonsleiar Matforsyning Stord, Ann-Britt Aarnes Sikveland, har fokus på matsvinn både heime og på jobb. Foto: Magne Kydland


I avdelinga er dei 15 medarbeidarar, som har stort fokus på ytre miljø.

 

Reduserer pr​isen

Blant tiltaka er «Too good to go», miljøvennlege reingjeringsmiddel, gjenvinnbart eingongsbestikk og betre planlegging i høve til matproduksjon, som gjev mindre avfall.

Kjøkken Stord juni 2021 - foto Magne Kydland_3.jpg

Støttespelar: Mari Kirsti Grøsvik Langeland og dei andre på kjøkkenet på Stord sjukehus er samde om at matsvinnet må reduserast. Foto: Magne Kydland


– Til dømes ligg alle oppskriftene våre i eit program som bereknar mengda av ingrediensar i høve til kor mange pasientar som ligg inne den dagen. Då får vi rett mengde. Elles har vi god dialog med avdelingane, både når det gjeld kor mykje dei bestiller, og kor store porsjonane skal vere. Før var det gjerne slik at dei bestilte for mange porsjonar. «Betre å ta litt i, enn å ha for lite», var haldninga. Slik er det ikkje lenger, og vi ser at det er mindre retur, forklarar Sikveland.

Sjølv brukar ho «Too good to go»-appen privat, og då er terskelen for å gjere det same på jobb lågare.

Kjøkken Stord juni 2021 - foto Magne Kydland_1.jpg

Set ned prisen: Kristian Unnemark Sætre, som er ansvarleg for kantina, set ned prisen på produkt som ligg over, eller som nærmar seg utløpsdato. Foto: Magne Kydland


– Når opningstida på kantina nærmar seg slutten, set vi ned prisen på produkta. Er det noko att, blir det selt til halv pris neste dag. Vi har også ei hylle med reduserte prisar på produkt som held på å gå ut på dato, fortel Sikveland.  Og har dei mykje av eit produkt som nærmar seg sluttdato, gjer dei gjerne om på menyen for å få brukt det opp.

– Har vi mykje yoghurt til overs, lagar vi til dømes fromasj, fortel kjøkkensjefen.


 

Testar ut nye produkt​​​​

Nyleg kom ho over eit nytt, miljøvennleg, plantebasert reingjeringsmiddel frå Lilleborg, som dei no testar ut for å sjå om dei vil bruke det fast.

– Utfordringa er at miljøvennlege produkt ofte er dyrare. Men så lenge vi held oss innafor budsjett går det jo fint, forklarar Sikveland, som opplever at personalet er positive til alle tiltaka dei set i verk.

Matforsyning Stord var også tidleg ute når det gjaldt gjenvinnbart eingongsutstyr som bestikk, tallerkar og salatbeger.

–​ Det er lenge sidan eg leste at det ville komme eit forbod mot eingongsutstyr i plast. Så då heiv vi oss berre rundt og starta med gjenvinnbart eingongsutstyr. Det var litt skepsis i starten, men det blir fort ein vane, fortel Sikveland.

 

Får ros

Matforsyning Stord er spesielt trekt fram i ein revisjonsrapport om Grønt sjukehus.

– Eininga har gjort fleire tiltak på ytre miljø som er i tråd med Helse Fonna sine miljømål. Leiar og verneombod er merksame på temaet ytre miljø, og har særs god fokus på dette i arbeidet sitt. Arbeidet i eininga knytt til ytre miljø er veldig bra. All dokumentasjon var det svært god orden på, og var lett oversiktleg, heiter det i rapporten. Her vert det vist til at eininga har stort fokus på matsvinn.

– Dei har god oppfølging av eininga sine miljøaspekt. Miljøstyringssystemet og dei overordna miljømåla er det god kjennskap til, heiter det i rapporten.

 kjøkken5.jpg

Tiltak: «Too good to go» (oppe) og miljøvennleg bestikk er to av fleire tiltak som Matforsyning Stord har innført i det daglege, for å få ned avfallsmengden. Foto: Magne Kydland​​