Får millionstøtte til forskingsprosjekt

Korleis formidle vonde tankar og kjensler når orda manglar? Oddbjørn Hove (52) har no fått økonomisk støtte til å vidareutvikle ei digital psykisk helseundersøking.

– Mange kjenner seg att i at det er vanskeleg å setje ord på tankar og kjensler. Dette gjeld ei rekkje grupper, blant anna barn og unge, menneske med nedsett funksjon, framandspråklege eller menneske med langvarige og samansette behov. Dette er grupper som i større grad har psykiske lidingar og dårlegare føresetnader for å meistre sine psykiske vanskar, fortel Oddbjørn Hove, som er éin av mange profilerte forskarar i Helse Fonna.

 

På fleire språk

No utviklar Hove ei digital psykisk helseundersøking for menneske som av ulike grunner har formidlingsvanskar. Deltakaren får først sjå ein film, før han eller ho skal svare på spørsmål. Animasjonar og bilete, enkelt språk, lesehjelp og eit intuitivt brukargrensesnitt er byggjeklossane i verktøyet.

oddbjørn hove - foto Eirik Dankel_4.jpg

Vind i segla: Oddbjørn Hove er no i ferd med å omsetje den digitale, psykiske helseundersøkinga for menneske med formidlingsvanskar til fleire språk. Foto: Eirik Dankel


Verktøyet iSpe (Inventorium for støttet psykologisk evaluering) er ein applikasjon for nettbrett, PC og mobil, som har stort potensiale innan digital heimeoppfølging, både i kommunehelsetenesta og i spesialisthelsetenesta. Ei rekkje kommunale, regionale og nasjonale teneste- og kompetansemiljø har vist interesse for prosjektet, og deltek i utvikling og evaluering av verktøyet. Prosjektet har også samarbeid med universitetsmiljø i Sverige.

– Eg har ikkje funne liknande verktøy, verken nasjonalt eller internasjonalt, seier Hove, som har ambisjonar om å lansere verktøyet internasjonalt. I første omgang skal iSpe setjast om til svensk, tysk og engelsk i samband med ein forskingskonferanse i Berlin til hausten. Seinare er planen å omsetje til arabisk og polsk. Verktøyet finst også på teiknspråk.

 

Kom med gladmelding

– Eit felles kjenneteikn for menneske med formidlingsvanskar er at psykiske lidingar ikkje blir forstått av helsetenesta og dei får difor mindre tilgang til psykisk helsehjelp. Målet med iSpe-prosjektet er at vi skal redusere unødvendig variasjon i kvalitet og tilgang på psykiske helsetenester for grupper av menneske som, uavhengig av alder, er sårbare for utvikling av psykiske lidingar, og som har færre ressursar til å takle slike vanskar, forklarar Hove.

På torsdagens styremøte i Helse Fonna kom han med gladmelding om at det forskingsdrivne innovasjonsprosjektet no har fått midlar til å auke satsinga.

– Ja, vi har fått 500.000 kroner frå Forskingsrådet, 500.000 kroner frå Helsedirektoratet i lag med samarbeidskommunane Tysvær, Vindafjord, Sauda og Suldal, og vi har fått om lag 1,2 million kroner i innovasjonsstøtte frå Helse Vest, kunne Hove opplyse til styret.

Med desse midlane og eigenfinansiering, blant anna gjennom Hove si forskarstilling i Helse Fonna, er prosjektet sikra 4,3 millionar til vidare forsking og utvikling.

Her kan du lese meir om iSpe-prosjektet.

 

Vedtok forskingsstrategien

Hove sin presentasjon hadde samanheng med at styret skulle godkjenne strategien for forsking og innovasjon i Helse Fonna i perioden 2021-2026.  Sidan 2015 har all forsking i føretaket vore samla i éi avdeling, og eitt av hovudmåla er å leggje betre til rette for såkalla  kliniske behandlingsstudiar. Dette er i tråd med nasjonale føringar og skal gje pasientar moglegheit for utprøvande behandling.

Forskingsstrategien vart ikkje berre godkjent, den hausta også mykje ros frå fleire av styremedlemmene. Også Hove sitt prosjekt fekk positive tilbakemeldingar.

– Eit veldig interessant prosjekt, som vi garantert får høyre meir om i tida framover. Prosjektet er sterkt forankra i strategidokumentet som er vedteke i dag, der klinisk forsking, innovasjon og samarbeid med andre er hovudfundament, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad.

Ifølgje nasjonale føringar er forsking ei av fire kjerneoppgåver i spesialisthelsetenesta, saman med behandling av pasientar, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande. Forsking skal blant anna bidra til robuste fagmiljø, tenester som er tilpassa pasientane sitt behov, styrkja omdøme og rekruttering av helsepersonell og forskarar.

 

Økonomisk langtidsplan

Kvart år i mai skal styret i Helse Fonna godkjenne økonomisk langtidsplan (ØLP), som skal gje retning for økonomisk prioritering dei neste åra. Forutan nybygg og ombygging ved Haugesund sjukehus, går mesteparten av midlane i investeringsbudsjettet til bygg, IKT, medisinsk-teknisk utstyr og køyretøy.

- Investeringar i føretaket, utanom nybygg og tilhøyrande ombygging, vil årleg vere på 30 millionar kroner i 2022 og 2023. Frå 2024 er det lagt inn ei auke i desse investeringane på 5 millionar kroner og ytterlegare 5 millionar kroner frå 2027. Det er lagt inn 50 millionar kroner til investeringar innan psykisk helsevern i 2026. Føretaket har fram til 2025 sett av 30 millionar kroner årleg til innkjøp av medisinsk-teknisk utstyr (MTU). Frå 2026 er investeringane auka til 35 millionar kroner. I tillegg ligg det inne MTU i investeringane for nybygg. Det er behov for jamleg utskifting av ambulansar og tenestebilar, og det er sett av 10 millionar kroner årleg til dette føremålet. I ØLP 2022-2026 er det lagt til grunn ein kapitaltilførsel frå Helse Vest på 294 millionar kroner i 2023 som skal nyttast til å betale ned lån. Dette bidreg til at føretaket raskare kan gjere nye investeringar i åra framover. Investeringane i tiårsperioden skal også bidra til å ta ned dei framtidige vedlikehaldskostnadane og redusere vedlikehaldsetterslepet, heiter det i den økonomiske langtidsplanen, som vart samrøystes godkjent av styret.