Får millionstøtte til forsking på betre samhandling

Forskar Miriam Hartveit leier intervensjonsstudien som skal betre samarbeidet mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Målet er at fleire pasientar skal få betre og raskare behandling.

 

– Det er kjent at samarbeidet mellom primær- og spesialisthelsetenesta ikkje alltid er særleg godt. Gjennom denne studien vil vi finne praktiske og gjennomførbare tiltak for å betre dette samarbeidet, seier Hartveit.

Intervensjonsstudien ho leier har fått 2,4 millionar i strategiske midlar til samhandlingsforsking frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger.

– Dårleg samarbeid går først og fremst ut over pasientane. Eit betre samarbeid vil kunne bety at færre unødig mister livet, at fleire blir mindre plaga av sin sjukdom og at fleire blir raskare friske, seier Hartveit.

Vil finne svar

Hartveit har i tjue år arbeidd med kvalitetsforbetring i spesialisthelsetenesta og disputerte i 2016 for doktorgraden. I avhandlinga ville Hartveit finne ut kva kvaliteten på tilvisinga frå primærhelsetenesta til spesialisthelsetenesta har å seie for vurdering, prioritering og behandling. Éin av konklusjonane var at tilstrekkeleg informasjon i tilvisinga kan heve kvaliteten på pasientbehandlinga og redusere forseinkingar i behandlinga.

Med forskingsprosjektet «Vårt gjensidige ansvar – ein intervensjonsstudie for å betre informasjonsutveksln ing mellom primær- og spesialisthelsetenesta» håpar ho og kollegene å finne svar på fleire spørsmål. Kva informasjon bør vere med i eit utskrivingsbrev (epikrise) for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av pasientar? I kva grad blir kvaliteten på behandlinga påverka av kvaliteten på tilvisings- og utskrivingsbrev? Har fagfolk på ulikt behandlingsnivå lik oppfatning av kva som er tilstrekkeleg behandling til rett tid for pasienten? Og ikkje minst: Kan ein systematisk intervensjon føre til betre informasjonsutveksling, felles forståing og betre samarbeidsmiljø?

Likeverdig samarbeid

– Pasientane er dei einaste som opplever heile helsetenesta. Vi andre kjenner eigentleg bare til den delen vi sjølv medverkar til. Brukarmedverknad er derfor heilt nødvendig. Brukarrepresentant inngår i forskingsgruppa på lik line med representantar for fastlegar og sjukehuslegar, sier Hartveit, og legg til at studien legg vekt på at «sanninga» kan sjå ulik ut frå kva perspektiv ein har og at ingen nødvendigvis har meir rett enn andre.

– Må samarbeide og utfylle kvarandre

Utfordringane knytt til samhandling er godt kjent. Kvifor er det så vanskeleg å få til? Kenneth Eikeset er direktør i klinikk for psykisk helsevern og har lang erfaring som psykiater.

– Vi som helsepersonell i spesialisthelsetenesta gjer oss gjerne opp meiningar om kva informasjon som er viktig for helsepersonell i kommunen i oppfølging av pasienten. Men det er ikkje nødvendigvis det dei treng. Vi arbeider ulikt og har derfor ulike informasjonsbehov for å yte god helsehjelp. Prosjektet vil vere ein suksess om vi klarar å identifisere kva informasjon som er kritisk for å sikre kontinuitet i helsehjelp på tvers av behandlingsnivå.

Eikeset får støtte frå Hartveit:

– Primærhelsetenesta er ekspertar på heilskapleg helsehjelp, spesialisthelsetenesta ekspertar på enkeltforhold. Det er viktig at vi forblir ulike for å kunne dekke pasientens behov, men det gir oss utfordringar i forståinga for kvarandres arbeidsmåtar og korleis vi best kan samarbeide og utfylle kvarandre.

Skal teste teamtrening

Hartveit seier tidlegare prøvde tiltak for å betre samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta i hovudsak har fokusert på avtaleverk på overordna nivå. Ho har tru på meir målretta tiltak.

– Mange tiltak har også vore styrt av sjukehusa og vår oppfatning av verkelegheita, noko som oftast er eit dårleg utgangspunkt for samarbeid. Intervensjonen vi planlegg bygger på systematisk teamtrening som har betra samhandling innan kirurgi og akuttmedisin. Det er ikkje prøvd ut i samarbeidet mellom fastlegar og sjukehuslegar.

Studien starta opp i januar 2017 og skal fullførast innan juni 2020.