Få eit innblikk i livet på ei covid-19-avdeling

I over ein månad har lungeavdelinga ved Haugesund sjukehus vore brukt som felles avdeling for pasientar med mistanke om eller påvist Covid-19. Her har helsepersonell kledd seg om i fullt verneutstyr og avdelinga har vore provisorisk ombygd for å fungere som såkalla kohortavdeling.

Lunge nedvask - april 2020 - foto Eirik Dankel-medium.jpg

GODE ORD: Funksjonsleiar Ranveig Neset Enerstvedt har berre gode ord om den siste tida. Medarbeidarane har gjort ein fantastisk innsats og det tverrfaglege samarbeidet har vore kjempebra, seier ho. Foto: Eirik Dankel


– Etter pressekonferansen 12. mars der regjeringa ga beskjed om lock-down, gjekk det litt stoltheit i oss. «No skal vi verkeleg trø til og hjelpe» var den rådande stemninga, seier Ranveig Neset Enerstvedt.
 
Ho er funksjonsleiar ved lungepost og lungepoliklinikk som til vanleg behandlar lungesjuke. For nokre veker sidan måtte heile kollegiet trø til når avdelinga skulle ommøblerast og riggast som kohortavdeling for Covid-19.  No fortel ho om pågangsmot, kreativitet og godt tverrfagleg samarbeid i ein krevjande periode.

– Vi måtte gjere store endringar ved avdelinga. Vi flytta ut alle møbler med stofftrekk, internservice bygde sluser, vi hadde full gjennomgang av smittevern og omkledning og opplæring i bruk av utstyr. Det var ei fantastisk stemning og ikkje ein sur tone. Eg er kjempeimponert, seier funksjonsleiaren.
 
– For å kunne takle ein slik situasjon, er det viktig at vi har synlege og tydelege leiarar. Det har vi hatt og eg vil gjerne trekke fram vår klinikkdirektør John Conrad Brandsø. Han har så til dei grader vore der for oss, seier Neset Enerstvedt, og konkluderer:
 
– Eg trur vi har gjort ein betre jobb på grunn av han.


john-conrad-brandsø-foto-stina-steingildra-1-intranett.jpg

LEIING I BEREDSKAP: Klinikkdirektør John Conrad Brandsø i medisinsk klinikk får skryt frå sine eigne. Foto: Stina Steingildra

– Vi er ikkje slitne

Sjølv om pandemien ikkje er over, førebur lungeposten seg no på tilnærma normal drift.
 
– Så lenge det er relativt få pasientar med mistanke om eller påvist smitte av covid-19, kan vi bruke dei vanlege isolata. Slik situasjonen er nå treng vi ikkje ei heil avdeling for å handtere det, seier Neset Enerstvedt.
 
Avdelinga blir derfor vaska ned og klargjort for lungepasientane som er den ordinære pasientgruppa. Men dei nybygde slusene blir ståande. Posten skal raskt kunne opne som kohortavdeling igjen dersom fleire blir smitta.
 
– Vi er ikkje slitne og vi er klare for å handtere pandemien om det skulle blusse opp igjen. Vi er vane med alvorleg sjuke pasientar og vi klarar oss godt gjennom krevjande tider som dette. Likevel skal det bli godt å ha normal drift og vanlege rutinar.

Lunge nedvask - april 2020 - foto Eirik Dankel_1-lite.jpg

KLARE FOR NEDVASK: Reinhaldarane har hatt ei særleg viktig rolle etter at pandemien var eit faktum. – Dei har verkeleg gjort jobben sin, seier Neset Enerstvedt. Her er Carmen Oa og Ionela Asanache i gang med nedvask av lungekohorten. Foto: Eirik Dankel


– Kor er lungepasientane våre?
Fleire fagmiljø ved norske sjukehus har gått ut og sagt at dei er uroa for helsa til pasientgruppene sine. Innleggingar i sjukehus har gått ned for mange grupper. Enerstvedt seier også hennar fagmiljø har vore uroa.
 
– Ja, vi har spurt oss sjølv kor lungepasientane våre er. Svaret er nok delt. Mange har truleg mindre utfordringar enn vanleg fordi dei som risikogruppe held seg isolerte og dermed blir mindre utsette for influensa og bakterielle infeksjonar. Det er jo ein positiv effekt. Men vi er redde for at ein del uteblir fordi dei lar vere å kontakte helsetenesta.
 
Enerstvedt fortel at lungepoliklinikken har vore i drift gjennom pandemien og at dei derfor har følgt opp kronikarane, mellom anna med telefonkonsultasjon.
 
– Vi har eit poliklinikktilbod og vi legger også inn pasientar som treng det. Du som er sjuk skal derfor ta kontakt med helsetenesta som vanleg ved behov, oppmodar ho.
 

Meir tungpustne enn andre lungesjuke

Men korleis har det vore å ta i mot pasientar med ein sjukdom dei aldri har vore borti før?
 
– Vi er godt vante med å behandle pasientar med pusteproblem. Det som har vore annleis er at pasientane med covid-19 er mykje meir tungpustne og brukar meir oksygen enn vi er vane med. Vi har hatt veldig dyktige fagfolk, både på sjukepleiar og legesida, som har laga nye prosedyrar som har gjort at vi har handtert dette godt.
 
Enerstvedt seier dei ikkje seinkar skuldrene sjølv om kohorten blir trappa ned.
 
– Vi vil framleis vere skjerpa og nøye på det vi har lært om behandling og smittevern. Det vil framleis vere pasientar som kjem inn med mistanke om eller påvist smitte og dei skal vi ta oss av like godt som før.