Helsenorge

Ekspertpanelet - ved alvorleg sjukdom

Ekspertpanelet er eit nasjonalt organ for rådgjeving ved alvorleg og livsforkortande sjukdom.

Dette er ei nasjonal ordning som gjev pasienter med avgrensa levetid sjansen til få ei ny vurdering. Ofte gjeld dette pasientar med kreft.

Panelet vurderer sjukdommen og behandlinga pasienten har fått. Dei kan gje råd om ytterlegare godkjent behandling, dei leitar etter nasjonale og internasjonale studiar, og dei kan gje råd om behandling som enno ikkje er godkjend i Norge.   

Det er viktig at dei som blir vurdert av Ekspertpanelet har realistiske forventingar. I mange tilfelle klarer Ekspertpanelet å finne ei ny utgreiing eller behandling, men oftare finn dei ikkje nye mogelegheiter.

Men dei vil alltid gjere ei svært grundig og rask vurdering. Det er viktig for pasientar og pårørande å vere sikre på at alle steinar er snudd. Dette kan også gjere det litt lettare å forsone seg med ein svært vanskeleg situasjon.

HER finn du meir detaljert og grundig informasjon om Ekspertpanelet.