Eit viktig spørsmål å stilla

Korleis går det med deg? Kva ynskjer du? Eller noko så enkelt som eit smil, eller «hei!» Det kan høyrast enkelt og kjapt ut, men i praksis er det ikkje alltid det.

9. juni er den internasjonale «Kva er viktig for deg?-dagen» - ein dag som skal setja fokus på pasienten, dei pårørande og deira rettar.

Siv Emberland har vore med i ungdomsrådet i Helse Fonna sidan 2017, og sjølv om ho føler helsevesenet er på rett veg, så er dette noko som tek tid å endra.

- Det å bli sett, få eit smil, og bli inkludert i prosessen har blitt betre. Det å møta ein lege eller sjukepleiar i gangen som smiler og seier hei kan bety svært mykje for mange. Men for meg, som søster til ein pasient, så har eg aldri blitt spurt om kva behov eg måtte ha. Foreldra mine blir inkluderte og får god informasjon, men ikkje vi som er søsken. Vi får det frå foreldra, fortel 19-åringen, som har ei søster med funksjonshemming.

Kva er viktig for deg dagen 2020 - foto Eirik Dankel_2.jpg

Engasjerte: Grete Müller (t.v.) er leiar i brukarutvalet, og Siv Emberland har vore med i ungdomsrådet sidan 2017. Foto: Eirik Dankel

Internasjonal dag

Leiar i brukarutvalet, Grete Müller, er glad for at pasientane og pårørande sine røyster vert høyrde i langt større grad i dag enn tidlegare. Likevel meiner ho det er viktig å markera «Kva er viktig for deg?-dagen».

- Dette handlar om brukarmedverknad og pasientrattar. Forholdet mellom ein lege, ein sjukepleiar, og pasientar og pårørande har endra seg. Før var det legen som var sjefen, og pasienten underdanig og lytta til det legen sa. Du skal ta den og den operasjonen, og dei pillene. No er forholdet meir likeverdig, og pasienten og dei pårørande har mykje større innverknad på avgjerdene. Difor er det også viktig at dei er godt informerte. «Kva er viktig for deg?-dagen» har vore arrangert i Norge sidan 2014, og er no ein internasjonal merkedag. Det viser kor viktig dette arbeidet er, ikkje berre i Norge, men over heile verda, forklarar Müller.

Gode pasientforløp

Tysdag 9. juni er altså dagen der helsepersonell over heile landet markerer «Kva er viktig for deg?-dagen». Tidlegare år har mykje av aktiviteten vore ute i kommunane, og det har gjerne vore mange menneske samla. Også rundt om på sjukehusa har det vore stands og arrangement som gjer at mange er samla på eit lite areal. Difor blir årets markering annleis.

- Initiativet til å markere dagen kom i Gode pasientforløp sitt læringsnettverk, ei satsing som blir gjennomført av KS i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Målet er å synleggjera ei viktig retningsendring i helsevesenet. I ein travel kvardag er det mange situasjonar som betyr mykje for pasienten eller dei pårørande. «Kva er viktig for deg?-dagen» er eit høve til å stoppa og tenkja litt over korleis vi lyttar, kven vi lyttar for, og kva vi gjer med svara vi får. Erfaring viser at aktiv deltaking i utforminga av eigne mål aukar pasienten sin motivasjon og styrkjar meistringa. Det kan vera alt frå sjukdom og behandling, korleis pasietten trur det vil bli å komma heim, eller kva som skal til for at vedkommande skal føla seg trygg slik at vi sikrar at kritisk informasjon blir sendt samhandlande part som skal overta stafettpinnen i pasientforløpet, forklarar samhandlingskoordinator og Koordinerande eining (KE) i Helse Fonna, Sølvi Torvestad.

Sjef i eige liv

Både ungdomsrådet og brukarutvalet er eit resultat av at Helse Fonna har fokus på å ta brukarane på alvor. Såleis er det brukarrøyster både inn i styret, utval og ulike prosjekt. Men likevel er det ein veg å gå, særleg når det gjeld pårørande som har fått tydlegare rettar dei siste åra.

- Pårørande skal no takast vare på like bra som pasientane, og særleg er barn som pårørande ei viktig gruppe, forklarar Sølvi Heimestøl, som er konstituert samhandlingssjef i Helse Fonna.

- Det handlar om å vera sjef i eige liv, og at helsepersonell har tid til å lytte, legg Müller til. Ho har eitt stort ynskje, som ho håpar kan bli realitet ein dag: At pasientane skal kunne motta ein SMS etter gjennomført behandling på sjukehus, der dei kan gje konkret tilbakemelding på korleis dei har opplevd behandlinga. Omtrent som ein får e-post eller SMS med slike spørsmål etter ein ferietur eller eit hotellopphald.

Koronautfordring

Som i så mange andre situasjonar har det å vera pasient og pårørande vore ekstra utfordrande no under koronasituasjonen, grunna strenge restriksjonar på besøk.

- Og kanskje har det difor vore endå vanskelegare for helsepersonell å stilla desse spørsmåla, fordi ein fryktar svaret….nemleg eit ynskje om å treffa sine næraste. Og det har jo ikkje vore mogeleg. Kva gjer vi då?  spør Sølvi Heimestøl.

Müller er samd.

- Kontakten med pårørande er det dei fleste er opptekne av no. Svært mange har vore nærast heilt isolerte rundt om på sjukehus og sjukeheimar dei siste månadene, utan noko form for kontakt med andre enn dei tilsette. Det må ha vore forferdeleg, slår Müller fast.

Dette er også ei sak som ungdomsrådet har teke på alvor. Dei har sendt ut oppmoding om at ein må fortelja til alle som skal på sjukhus om å ta med seg mobil eller nettbrett, slik at ein kan halda kontakten med sine næraste, til dømes via Facetime.

- Det er viktig å bli sett, også i desse koronatider, avsluttar Siv Emberland.

Webinar tysdag 9. juni

På tysdag vert det arrangert eit webinar for alle interesserte, i høve dagen, som er ope for alle interesserte. Arrangørar er Kommunenes Sentralforbund (KS) og Folkehelseinstituttet (FHI). Her vil det blant anna bli presentert gode døme på korleis kommunar og sjukehus har arbeidd med dette temaet, og det blir helsingar frå helse- og omsorgsminister Bent Høie, styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram, direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, og tidlegare president i Institute of Healthcare Improvement (IHI), Maureen Bisognano. 

 Kva er viktig for deg dagen 2020 - foto Eirik Dankel.jpg

Viktig dagTysdag 9. juni er ein dag som set fokus på pasientar og pårørande sine rettar og behov. Frå venstre Sølvi Torvestad, Grete Müller, Siv Emberland og Sølvi Heimestøl. Foto: Eirik Dankel

Fakta, Ungdomsrådet

  • Ungdomsrådet skal bidra til at barn og unge skal få eit enno betre tilbod i Helse Fonna, anten dei er sjuke sjølv, eller har sjukdom i nær familie.
  • Ungdomsrådet i Helse Fonna blei etablert i april 2017 og har medlemmar  i alderen 12 til 25 år frå regionen vår. 
  •  Medlemmene har erfaring som ung pasient eller pårørande, både innan somatikk og psykisk helsevern, og brukar eigne erfaringar når vi gir innspel til kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta.

Fakta, Brukarutvalet

  • Brukarutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna.
  •  Representantar frå brukarutvalet deltar i ulike utval og prosjekt. Dei gir råd i sentrale spørsmål som gjeld helsetilbodet i området, som til dømes tilgjenge, dimensjonering, ventetider og kvalitetsutvikling.
  • Saker til brukarutvalet kan komme etter initiativ frå Helse Fonna eller frå det lokale brukarutvalet sjølve.
  • Brukarutvalet for Helse Fonna består av representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Utvalet skal bidra til å overføre erfaringsbasert kunnskap frå brukarar tilbake til sjukehusa og dermed medverke til å sikre kvaliteten på tenestene.

Sjå video om barn som pårørande