– Denne behandlinga har dokumentert effekt mot depresjon, sosial angst og panikkliding, og fungerer like bra som tradisjonell samtaleterapi med fysisk oppmøte hos psykolog.
Det seier teamleiar og psykolog Sander Rosøy ved Haugaland DPS i Helse Fonna. Behandlinga er basert på kjente og effektive behandlingsprinsipp, men skjer heime i di eiga stove – eller der det passar for deg. Største delen av behandlinga skjer nemleg via din mobil eller PC. Sander Rosøy forsikrar om at ein ikkje må vere spesielt datakunnig eller ung for å nytte seg av behandlinga. Du treng heller ikkje noko spesiell programvare eller appar.
Alle pasientane får individuell oppfølging av psykolog gjennom behandlinga. Det første og det avsluttande møtet er gjerne fysisk, men resten av behandlinga handlar om å få kunnskap om lidinga si og gjennomføre øvingar. Psykologen er tilgjengeleg for spørsmål og rettleiing gjennom behandlingsperioden på 14 veker.
Behandlinga har dokumentert effekt mot depresjon, sosial angst og panikkliding
Sander Rosøy, psykolog
– Fordi du må lese deg litt opp og gjere øvingane passar eMeistring best for deg som er motivert for å jobbe med utfordringane dine, seier Rosøy.
Han trur tilbodet passar godt for folk som bur langt i frå eit distriktspsykiatrisk senter (DPS).
– Dersom du har to timar reiseveg til næraste DPS, går det jo ein heil arbeidsdag til kvar behandlingstime. Det trur eg er vanskeleg for mange. Det er fint at vi kan tilby denne behandlinga i tillegg til dei andre tilboda våre, meiner Rosøy.
.jpg)
INDIVIDUELL OPPFØLGING: Psykolog Sander Rosøy er ein av psykologane som vil følgje deg opp gjennom eMeistring. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna
Dette er eMeistring
Dokumentert effektiv behandling mot panikkliding, sosial angst og depresjon.
Behandlinga blir gitt både ved fysisk oppmøte og ved rettleiing og oppgåver på nettet. Du får individuell oppfølging av psykolog.
Du kan søke direkte til DPS i Helse Fonna og treng ikkje tilvising frå fastlege.
Blir fri for angst og depresjon
Sidan oppstarten i Helse Fonna i fjor har nærare 70 pasientar fått hjelp via det nettbaserte tilbodet eMeistring. Rosøy har behandla fleire av desse pasientane. Han ser at behandlinga fungerer.
– Dei fleste pasientane eg har følgt opp som hadde sosial angst har hatt ei betydeleg betring og nådd dei måla dei hadde med behandlinga. Det er viktig for oss å få fram at vi har eit tilbod som er lett tilgjengeleg og som verkar, seier Rosøy.
For han og kollegene har kapasitet til å ta i mot fleire. Ventetida på DPS har auka fordi fleire opplever angst og depresjon i samband med pandemien. Med eMeistring kan ein sjølv sende inn søknad om behandling, og det er kort ventetid. Du treng ikkje gå via fastlegen, sjølv om fastlegane også kan tilvise til eMeistring. Søknaden din blir vurdert innan ti dagar, og det er kort ventetid på oppstart av behandlinga.
– Det er mange som vil oppleve sosial angst, panikkliding og depresjon i løpet av livet. Det skal du ikkje streve med aleine. Det er hjelp å få, seier Rosøy.
.jpg)
TEAM: Sander Rosøy og kollegene har kapasitet til å hjelpe fleire via eMeistring. Teamet er Admira Sulejmanovic (psykiatrisk sjukepleiar), Camilla Jansen (psykolog), Kjell Magnar Haugland (psykologspesialist) og Sander Rosøy (psykolog). Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna