Doktorgrad om helsefremming hos personar med KOLS

Disputas Heidi B. Bringsvor

Heidi B. Bringsvor starta karriera som sjukepleiar på intensiv i Haugesund. Nysgjerrig og alltid på leit etter ny kunnskap har ho, i følge kollegaer og seg sjølv, alltid vore. Undring blei dermed starten på forskarkarriera og arbeid ved forskingsseksjonen i Helse Fonna. 

Onsdag 3. april disputerte Bringsvor for ph.d.-grada i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger. Ho har forska på korleis personar med kols kan auke helsefremmande kompetanse, meistring og livskvalitet. 

Bringsvor fann at det er samanheng mellom korleis personar med kols scorer på ei rekke self-management relaterte områder og deira opplevde symptombyrde.

Vidare fant ho at det er samanheng mellom opplevd helserelatert livskvalitet og score på konstruktive haldningar, tilnærmingar og emosjonelt ubehag.

I ei randomisert kontrollert studie fant ho at deltakigg i Bedre liv med kols – eit self-management-program med gruppesamtalar for personar med kols, halde i deira heimkommunar – hadde positiv effekt for læring av ferdigheiter og teknikkar, og konstruktive haldninger og tilnærmingar. I tillegg fant ho ein positiv effekt på evne til egenmonitorering og innsikt hos dei som deltok i meir enn halvparten av gruppesamtalane.

225 personar med kols deltok i studien. Dei kjem frå elleve kommunar i Helse Fonna-området.

Resultata til Bringsvor er eit viktig grunnlag for vidare forskingsarbeid på både self-management generelt og Bedre liv med kols spesielt.

– Om vi har som mål å betre læring av ferdigheiter og teknikkar, konstruktive haldningar og tilnærmingar, eller auke egenmonitorering og innsikt hos personar med kols, indikerer resultata at Bedre liv med kols kan vere ein intervensjon som både har effekt og er gjennomførbar i kommunehelsetenesta. Samtidig må vi undersøke vidare moglege effekter på andre variablar, som for eksempel symptom og livskvalitet, langsiktige effektar av deltaking i intervensjonen, samt vurdere klinisk nytte og helseøkonomiske aspekt, seier Bringsvor.

Doktorgradsavhandlinga til Bringsvor heiter Self-management in people living with Chronic Obstructive Pulmonary Disease (COPD).