Digitale tavler gir betre pasienttryggleik

Stord sjukehus skal no teste digitale touchskjermar der viktig pasientinformasjon kjem inn automatisk. Løysinga skal gi betre arbeidsflyt, auka pasienttryggleik og meir tid til pasientane.

​Nettopp meir tid til å behandle pasientar og mindre «plunder og heft» står høgt på ønskelista hos dei fleste som jobbar i sjukehus. Den nye løysinga som er levert av Imatis skal gi betre arbeidsflyt og oversikt, som igjen forenklar planlegging og gjennomføring av dei mange daglege oppgåvene på ein sengepost. No vil både lege, sjukepleiar, reinhaldarar, bioingeniørar og portørar kunne få oppdatert oversikt i sanntid over blant anna smitte, trygg pleie, planlagte aktivitetar for pasienten, status på rom og informasjon om kven som har ansvar for den enkelte pasient.

Startar i oktober

Nyleg var representantar frå Helse Vest IKT, Haraldsplass Diakonale sjukehus og personell ved Stord sjukehus samla for ein siste finpuss på eit oppsett som forhåpentleg kan settast i produksjon 1. oktober i år. Prosjektleiar Anne Møklebust fortel at Imatis-løysinga har uendeleg mange moglegheiter. I første omgang tar dei i bruk dei mest grunnleggande funksjonane.

– Vi startar med å ta i bruk det vi veit fungerer, basert på eiga kartlegging og erfaringar frå Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen som allereie er godt i gong, seier prosjektleiar Møklebust.

Erfaring frå Haraldsplass

Michael Fjeldstad som var prosjektleiar for innføringa av same løysning ved Haraldsplass diakonale sjukehus besøkte Stord for å dele sine erfaringar med dei nye skjermane. Sjukehuset i Bergen har no nye touchskjermar på nesten alle sengepostane. Enkelte funksjonar har vore mykje meir nyttige enn først antatt.

– Skjermane synleggjer kunnskap vi allereie har på ein betre måte. Pasientinformasjon kjem inn automatisk og gir derfor eit bra oversiktsbilete med éin gong, seier Fjeldstad.

Sjølv om ikkje heile løysninga er tatt i bruk enda, er skjermane tatt godt i mot av dei tilsette.

– Spesielt legane er positive no som dei kan ta det i bruk som eit nyttig arbeidsverktøy. Etter kvart  som ein ser nye behov, er det enkelt å gjere endringar og tilpassingar.

vel-møtt-stord-nett.jpg

Nyleg var representantar frå Helse Vest IKT, Haraldsplass Diakonale sjukehus og personell ved Stord sjukehus samla for ein siste finpuss på eit oppsett som forhåpentleg kan settast i produksjon 1. oktober i år.

«What's in it for me?»

Ved innføring av nye system er det viktig å få alle med på laget, og sjølv om det alltid er noko skepsis til nye system, fortel prosjektleiar Møklebust at stemninga på Stord har vore god så langt.

– I ein periode må vi ha noko dobbeltføring sidan integrasjon mot alle system ikkje er oppe og går per i dag. Det forstår eg det er skepsis til. No har vi hatt to informasjonsmøter frå regionalt prosjekt som har vert opne for alle på huset og stemninga har vore god. Dei er positive og synes det er spennande, seier ho.

Sidan sjukehusbygget er gammalt i forhold til infrastruktur og funksjonalitet, har kartlegginga vore omfattande. 

 – Alt vil med tida bli meir teknologisk for ein meir effektiv arbeidskvardag. Men det krev grundig kartlegging i forkant for at det skal vere funksjonelt for alle og for å få ein fin flyt på heile huset, seier Møklebust. 

vel-møtt-stord-nett_1.jpg

Betre bruk av dagens whiteboard-tavler har vært i fokus for å gjere overgangen til nye skjermar så god som mogleg.

Vegen mot dei gode løysingane

For å gjere overgangen til nye skjermar så god som mogleg, har sengepostane no hatt fokus på betre bruk av dagens whiteboard-tavler.

– For å kunne kartlegge kva vi vil ha med i den nye løysinga har dagens whiteboard-tavler vore eit godt verktøy. Vi har hatt fokus på å halde den oppdatert til ei kvar tid for å minske overgangen til dei nye tavlene. Vi har hatt workshop-dagar med sengepostar og støttefunksjonar, der dei har no fått ei djupare innføring i løysinga, seier Møklebust.

Det er ingen tvil om at det vil bli ein ny måte å jobbe på. Møklebust trur nytteverdien av å få ein oppdatert oversikt i sanntid og betre tid til pasientane vil bli stor.

– Det vil bli mindre manuell føring, og det vil bli ein betre flyt i dei daglege arbeidsprosessane, betre planlegging av arbeidskvardagen for dei tilsette, gode pasientforløp og auka pasientsikkerhet, seier ho.

Imatis - Skjermbilde.PNG

Omtrent slik vil det sjå ut på dei nye skjermane.