Digitale sengeposttavler skal gi betre oversikt

Når touchskjermane lyser opp på den første sengeposten i morgon, vil informasjon om innlagte pasientar berre vere eit fingertrykk unna for helsearbeidarar på jobb. Stord sjukehus er først ut i Helse Fonna.

– Alle sengepostane vil ha store touchskjermar med oversiktlege pasientlister. Her får helsepersonell tilgang til opplysningar som pasientnamn, rom og sengenummer, risikofaktorar, planlagte timar hos for eksempel fysioterapeut eller lab, smitteregime og mykje anna. Det er lett å velje ulike visningar som hentar fram opplysningar som er relevante for akkurat den jobben du skal gjere.

Prosjektleiar for innføringa av digitale sengeposttavler ved Stord sjukehus Anne Møklebust er engasjert. Ho ser endeleg slutten – eller byrjinga? – på prosjektet ho har jobba med sidan mars. Tysdag 15. oktober er nemleg den første sengeposten i gang.

imatis-opplaering-foto-stina-steingildra-lite.jpg

SNART I MÅL: Anne Møklebust har vore prosjektleiar sidan mars. I morgon er den første sengeposten i gang med digitale sengeposttavler.

– Denne siste fasen har vore veldig kjekk, for nå blir alt meir handfast. Det har vore gøy å treffe folk i opplæring denne veka og kjenne at det nærmar seg, seier ho.

Ved Stord sjukehus startar alle sengepostane opp etter tur denne veka. Når nybygget står klart i 2021, skal også Haugesund sjukehus ta i bruk digitale sengeposttavler og Imatis.

Betre planlegging

Digitale sengeposttavler skal brukast som eit verktøy i arbeidskvardagen. Det blir enkelt å sjå pasienten sine timar på poliklinikk og røntgen. Alle kan sjå om det er bestilt transport til pasienten eller om dette må gjerast. Sjukepleiaren som har vore på nattevakt kan markere kva pasient som er blitt dårlegare og bør prioriterast på morgonens visitt. Smitteregimet blir tydeleg frå innleggingstidspunktet og ein unngår at pasienten har vore fleire stader på huset før det blir kjent.

– Det blir mykje tydelegare kva som er gjort og kva som står att, seier Møklebust. Ho ser fram til at dei kan kaste svamp, tusjar og kvite tavler.

– Dette blir bra!

Det er tett program på Gamle føden, med 30-minuttars opplæring heile dagen, kvar dag heile veka. Alt helsepersonell på sengepostane skal ha opplæring i systemet som heiter Imatis, og dei kjem gruppevis til oppsette tider.

Eli Anette Jamne frå Helse Vest IKT tar dei først gjennom ein teoretisk del om kva sengeposttavlene inneheld og korleis dei fungerer før gruppene får prøve sjølv. Responsen varierer frå skepsis til begeistring.

– Eg likar eigentleg best papir, innrømmer ein ung sjukepleiar før ho motvillig trykker på skjermen. Andre ser fram til å komme i gang.

– Det tar sikkert litt tid å venne seg til, men det blir bra dette her, seier intensivjukepleiar Ragnhild Nonås Fylkesnes. Både ho og kollega Reidun Sørensen frå rehabilitering ser fram til å komme i gang.

imatis-opplaering-foto-stina-steingildra-2.jpg

OPPLÆRING: Eli Anette Jamne frå Helse Vest IKT har opplæring i løysinga.

Må bli gode saman

– Dette handlar jo om at vi må bli gode saman, seier Nonås Fylkesnes.

imatis-opplaering-foto-stina-steingildra-5.jpg

OPTIMISTAR: Reidun Sørensen og Ragnhild Nonås Fylkesnes ser fram til å komme i gang.

Akkurat der får ho får støtte frå Jamne, som seier digitale sengeposttavler fungerer som tenkt viss alle bruker det rett.

– I starten vil ein nok føle at det er meir å registrere. Men når alle bruker sengeposttavlene aktivt, og legg inn relevant informasjon, gjer det at alle som er involvert i behandlinga av den enkelte pasient har nødvendig og oppdatert informasjon tilgjengeleg på éin stad. Det er stor nytte i det, både tidsmessig og ikkje minst for pasienttryggleiken.

Anne Møklebust fortel at dei har hatt god dialog med Haraldsplass diakonale sykehus, som starta opp med Imatis i februar. Til Dagens Medisin seier avdelingsleiar Elisabeth Mjøs at dei er velidg nøgde. Les heile saka i Dagens Medisin

Vi har fått en helt annen oversikt om driften fra tidlig morgen av,
slik at vi kan styre ressursene mye bedre

Avdelingsleiar ved Haraldsplass Elisabeth Mjøs til Dagens Medisin




– Mange var skeptiske ved Haraldsplass, men dei er veldig nøgde. Legane har på eige initiativ tatt rolla som superbrukarar. Dei får betre oversikt med alle pasientane sine i ei liste der dei kan sortere på fagområde, avdeling, pasientar som skal ha tilsyn og så vidare, seier Møklebust.

Digitale sengeposttavler er ein del av det regionale prosjektet Alle møter.