Dette lurar pasientane på

Dialogsenteret i Helse Fonna får mange telefonar frå pasientar som har spørsmål knytt til koronaviruset og timen sin på sjukehuset. Mange lurar på om sjukehuset er stengt og om dei kan møta til avtalt time. Her får du svar på dei spørsmåla som pasientar spør mest om.

Kontkatsenteret 1 år - foto Eirik Dankel (1) liten.jpgSvarar på spørsmål: Marit Hausken Hustvedt, koordinator i Dialogsenteret er ei av dei du møter i telefonen når du ringer til sjukehuset. Foto: Eirik Dankel

Skal eg møte på timen min?
Poliklinikkane jobbar kvar dag med å vurdere kva pasientar som kan komme til timen sin, kva timar som må utsettast eller kva for timar som kan gjennomførast som telefontime. Har du time på sjukehuset vil du bli kontakta dersom timen din blir endra. Viss du ikkje høyrer noko kan du møte til timen din så lenge du er frisk.  Det vil seie at du dei siste 14 dagane før timen din:

  • ikkje kan ha reist utanfor Norden 
  • ikkje har vært i nærkontakt med ein person med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus
  • ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon som hoste, feber eller tungpust. 


Kva gjer sjukehuset for å redusere smitterisiko?
Helse Fonna har gjort endringar i  planlagt aktivitet innanfor operasjon og dagkirurgi. Det er også polikliniske kontrollar som er utsett. Dette er både for å frigjere kapasitet og av personellutfordringar grunna karantenereglar, samt for å redusere smitterisiko.  Vi har også besøksforbod på sjukehuset, med nokre få unnatak:

Kritisk sjuke pasientar: Pårørande må ta kontakt med avdelinga på telefon før dei kjem inn. Du blir spurt om helsetilstand og om du har vore på reise. Avdelinga vil styre kor mange pårørande som får komme og kor mange som får kome samtidig og organisere nødvendige smitteverntiltak i samband med besøket.

Barn/unge under 18 år og kvinner i fødsel: Kan ha følgje av éin person, men elles ikkje ta i mot besøk. Personen som følgjer må vere utan symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust), og kan ikkje ha vore utanfor Norden dei siste 14 dagane og heller ikkje ha vore i kontakt med person mistenkt smitta eller påvist smitta av koronavirus dei siste 14 dagane. I heilt særlege tilfelle der dette ikkje kan følgjast, må avdelinga få beskjed før de kjem til sjukehuset, slik at dei kan gjere nødvendige smitteverntiltak før/under/etter besøk.

Kan partnaren min vere med på fødselen?
Vi vurderer smitterisiko for kvar enkelt, både på deg som skal føde og din partner. Derfor får du spørsmål knytt til dette når du kontakta oss.

Dersom partnar er symptomfri og ikkje i karantene, kan partnar vere med på fødsel. Viss partnar har vært i utlandet dei siste 2 veker eller har symptom på luftvegsinfeksjon, pågående luftvegsinfeksjon, eller er påvist smitte, kan partnar dessverre ikkje være med på fødselen.

Kan eg bli smitta av å møte på sjukehuset?
Helse Fonna har gjort fleire tiltak for å redusere smitterisikoen for dei som skal på sjukehuset. Det er gjort fleire endringar i poliklinisk drift og innført besøksforbod for å redusere tale på personar som er innom sjukehuset. Tilsette følger prosedyre for å unngå smitte og det er satt opp dispenserar med handdesinfeksjon fleire stader på sjukehuset, blant anne ved alle heisane. 

Kan eg ta blodprøvar på sjukehuset? 
Du bør ta blodprøvar hos fastlegen, så langt det lar seg gjera. Dette er for å redusera risikoen for smitte i sjukehus. Må du inn på sjukehuset for å ta blodprøvar er det viktig at du ikkje har reist utanfor Norden dei siste 14 dagane. Du kan ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust) eller ha vore i nærkontakt med personar med mistanke om eller påvist smitte av koronaviruset dei siste 14 dagane før du kjem inn på sjukehuset.
Det er færre sitteplassar i venterommet slik at personar skal kunne halda avstand til kvarandre. 

Må eg i karantene viss eg møter til timen min?
Nei, sjølv om fleire kommunar har innført eit generelt inn- og utreiseforbod gjeld ikkje karanteneregelen for deg som har avtale hos spesialisthelsetenesta. Du kan møte til timen din på sjukehuset, sjølv om det er i ein annen kommune utan å bli satt i karantene. Karanteneunntaket gjeld kun for timen din og ikkje anna ferdsel eller aktivitet. 

Kan eg ha med ledsagar til timen?
Har du time på sjukehuset og må ha med deg ledsagar, skal det avtalast med avdelinga på telefon før du kjem. Vi vil vurdere om timen skal gjennomførast eller utsettast. Viss timen skal gjennomførast med ledsagar, vil vi stille spørsmål om ledsagaren si helse og reise. Ledsagar kan ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon (hoste, feber, tungpust) og kan ikkje ha vore utanfor Norden siste 14 dagar eller dei siste 14 dagane ha vore i nærkontakt med ein person med mistanke om eller påvist smitte av koronavirus.

Korleis kan eg endra timen min?
Dersom du ikkje kan møte til timen din kan du logge inn på helsenorge.no å gi oss beskjed der. Du kan også kontakte sjukehuset på telefon 52 73 90 00. Det er mange som ringe til sjukehuset og det kan derfor vere lengre ventetid enn vanleg. Vi oppfordre alle som kan til å bruke helsenorge.no. 

Du finn meir informasjon om koronaviruset på fhi.no, helsenorge.no og på helse-fonna.no