Det lange førsteinntrykket

Då Malene Vestbø begynte på barneposten, blei ho tatt i mot av ein leiar som sjølv var heilt ny. – Du får bare éin sjanse til å gi eit godt førsteinntrykk, seier Hanne Rita Wannberg.

 

Den ferske funksjonsleiaren på barneposten har bare vore i jobb éin månad og står dermed sjølv midt i opplevinga av å vere ny. Det kjem godt med når ho skal ta i mot sommarvikarar og nye kolleger.

– Dei skal kjenne at vi ventar dei og at dei er velkomne, seier Wannberg.

– Tilgangar skal vere i orden og garderoben klar. Eg setter av den første dagen slik at eg veit eg har moglegheit til å ta godt i mot dei.

Portrett av Malene Vestbø og Hanne Rita Wannberg
NY PÅ JOBB: Malene Vestbø er sommarvikar ved barneavdelinga. Ho har blitt godt tatt i mot av leiar Hanne Rita Wannberg, som sjølv er ny.

– Du må vere litt «på»

Malene Vestbø begynte for to veker sidan og er den ferskaste medarbeidaren på posten. Allereie i desember signerte ho kontrakt som sommarvikar. Ho jobba då ved barneavdelinga i Stavanger, men var klar for å flytte heim.

Portrett av Malene Vestbø

– Eg hadde forventningar om at eg skulle bli godt tatt i mot og føle meg inkludert. Og at eg skulle få skikkeleg opplæring, sjølv om eg har erfaring som barnesjukepleiar. Det er alltid mykje nytt på ein ny stad.

Og forventningane er innfridde:

– Eg blei vist rundt på heile sjukehuset og det var laga ein plan for kva eg skulle ha opplæring i dei fem første dagane.

Det verkar eigentleg ikkje som om ho er ny der ho lattermild samlar saman kolleger for eit gruppebilde.

– Som ny må ein vere litt «på» og hive seg med, smiler ho.

– Du må vere tydeleg på kva du kan og ikkje kan, men samtidig må du våge å gå inn i vanskelege situasjonar. Det er slik ein lærer. Eg føler meg alltid trygg på at eg har nokon bak meg.

Gruppebilde av medarbeidarar på barneposten
GOD GJENG: Malene Vestbø (i midten) samlar kjapt saman gode kolleger til eit gruppebilde. (Frå venstre) Inghild Hovland, Silje Fonnes Eriksen, Malene Vestbø og Ragnhild Sundfør stiller gjerne opp saman med leiar Hanne Rita Wannberg.

Hanne Rita Wannberg kom til Helse Fonna frå ei leiarstilling i kommunehelsetenesta i Vindafjord. Ho snakkar entusiastisk om leiing, brukaropplevingar og kvalitetsforbetring. Og om det lange førsteinntrykket.

– Førsteinntrykket er veldig viktig. Det heng igjen lenge, og viss det er dårleg, tar det lang tid å snu det.

Det kritiske blikket

For Malene har det vore ein god start, både sosialt og fagleg.

– Eg kjem frå ei avdeling som har same pasientgruppe, men som gjer ting annleis. Dei nye kollegene mine er nysgjerrige og vil gjerne høyre om korleis dei gjer ting i Stavanger, om det er noko dei kan lære av.

Hanne Rita er glad for det faglege engasjementet.

– Alle nye medarbeidarar må få ha eit kritisk blikk. Malene er ein sjukepleiar som gjerne vil dele av si erfaring og sin kunnskap, og det er vi veldig opne for. Vi vil utvikle oss og bli betre og då er det viktig å vere audmjuke.

Portrett av Hanne Rita Wannberg
ENGASJERT OG AUDMJUK: Hanne Rita Wannberg er ny funksjonsleiar på barneposten og er opptatt av kvalitet og utvikling.

Ledige stillingar

Akkurat no søkjer barneposten etter sjukepleiarar og seksjonen etter overlege i barnesjukdomar, med søknadsfrist i slutten av juli. Sjå ledige stillingar i Helse Fonna.