Desse barna kan møte i barnehage og skule som vanleg

Denne veka opna barnhagane dørene igjen etter å ha vore stengde i over ein månad. Norsk barnelegeforening og Folkehelseinstituttet har no kome med si tilråding om kven som kan møte i barnehage og på skule. 

Tilrådinga frå Norsk barnelegeforening og Folkehelseinstituttet legg til grunn at risikoen for alvorleg covid-19 ser ut til å vere svært låg hos barn generelt. Det gjeld også barn med kroniske sjukdommar eller redusert immunforsvar. Derfor er deira tilråding at dei fleste barn kan gå i barnehage og på skule. 


andreas-andreassen-foto-stina-steingildra-intranett.jpg
Foto: Stina Steingildra

Overlege Andreas Andreassen ved barneavdelinga på Haugesund sjukehus er nøgd med retningslinjene som har kome.

- Det er bra at det har kome nasjonale retningslinjer. Vi vil bruke desse i våre vurderingar, seier Andreassen.

Barn og unge med kroniske sjukdomar kan møte som vanleg
Opning av barnehagar og skular er viktig for barn og unges utvikling, omsorg og læring. Samtidig skal det vere trygt for barnet. Her kan du sjå lista over barn og unge med kroniske sjukdommar som kan møte i barnehage og skule. 

  • Barn og unge med diabetes 
  • Barn og unge med kontrollert astma 
  • Barn og unge med allergi 
  • Barn og unge med epilepsi 
  • Barn og unge med Downs syndrom 
  • Barn og unge med hjartefeil utan hjartesvikt 
  • Barn og unge med autoimmune sjukdommar og immundempande behandling som har stabil sjukdom 
  • Tidligare premature barn utan betydeleg lungesjukdom 

Kan få tilbod om tilrettelagt undervisning
Nokre grupper barn og unge kan få tilbod om tilrettelagt undervisning heime. Dette gjeld dei same barna som elles har risiko for alvorleg luftvegsinfeksjon. Det er ikkje dei same risikogruppene som for covid-19 hos vaksne.

Her er lista over barn og unge kor tilrettelagt undervisning kan vurderast:

  • Barn og unge som er organtransplantert
    - Den første tida etter transplantasjon 
  • Barn og unge som er beinmargstransplantert dei siste 12 månadane - Dette gjeld også barn som har fått CAR-T
    -Sysken som skal være stamcelledonor (siste 28 dagar før donasjon) 
  • Barn og unge som er i aktiv kreftbehandling:
    Barnehagebarn:
    - anbefalast ikkje å gå i barnehage 
    Skulebarn:
    - Alle som får intravenøs cellegiftbehandling, særlig i perioden mellom cellegiftkurar kor immunforsvaret er på det lågaste nivået 
    - Barn med leukemi på peroral vedlikehaldsbehandling 
  • Barn og unge med alvorleg hjertesjukdom:
    - Barn og unge som behandlast for pulmonal hypertensjon
    - Barn og unge som behandlast for hjertesvikt
    - Barn og unge som har Fontan sirkulasjon
    - Barn og unge med ikkje-operert alvorlege hjertefeil 
  •  Barn og unge med alvorleg lungesjukdom og/eller har betydeleg redusert lungekapasitet:
    - Barn og unge med interstitielle lungesjukdommar
    - Barn og unge som har alvorleg astma og behandlast med systemiske steroider eller meir enn 3 innleggingar det siste år
    - Barn og unge med cystisk fibrose
    - Barn og unge med trakeostomi 
    - Barn og unge med nevromuskulær sjukdom og har behov for respirasjonsstøtte
    - Tidlegare premature barn med alvorleg lungesjukdom må vurderast individuelt 
  •  Barn og unge med diagnostisert alvorleg, medfødt sjukdom i immunforsvaret i ustabil fase som gjer dei særlig utsatt for alvorleg luftvegsinfeksjonar 
  • Barn og unge på immundempande medisin og aktivt kronisk sjukdom
    - Dette inkluderer barn med nefrotisk syndrom som ikkje er i remisjon 
  • Det kan gjelde enkelte andre barn med alvorlege diagnosar som ikkje er nemne her. I slike tilfelle må behov for tilrettelagt undervisning avklarast med behandlande barnelege.
    - Dette kan for eksempel gjelde barn og unge med sigdcelleanemi 
    - Andre sjeldne sjukdommar må vurderast 
I utgangpunktet er det ikkje grunnlag for at sysken til desse barna må haldast heime. Eit viktig unntak er sysken som skal være beinmargsdonor for husstandsmedlem. Dei må haldast heime dei siste 28 dagar før donasjon.

Spør fastlegen om du er usikker
Andreassen råder foreldre som er usikre på om deira barn kan vere i barnehage eller skule om å ta kontakt med fastlegen.

- Vi forstår at foreldre kan vere usikre og ha spørsmål om barnas sjukdom. Dersom nokon er i tvil om kva løysing som er best, kan dei kontakte fastlegen. I tvilstilfelle kan fastlege ta kontakt med sjukehuset, utdjupar Andreassen.