Derfor bør du vite kor stor du var då du blei fødd

Lege og forskar Anna Gjerde har studert fødselsvekta til over 2,6 millionar nordmenn. Dei som har låg fødselsvekt, veksthemming eller blei fødde for tidleg, har større risiko for å utvikle nyresjukdom som vaksne. – Funna er viktige for å kunne førebygge, oppdage og behandle sjukdom tidleg, seier Gjerde.

Anna Gjerde - foto Eirik Dankel.jpg

FULLFØRER PHD: Lege i spesialisering Anna Gjerde fullfører i haust phd-en sin. Foto: Eirik Dankel

– Alle bør sjekke fødselsvekta si for å finne ut om dei har auka risiko for å utvikle kronisk nyresvikt, seier Gjerde. 

Og det er mykje enklare å finne ut enn du trur. Ved å logge deg inn på helsenorge.no kan du sjå fødselsvekta di. Den er nemleg oppført i Medisinsk fødselsregister, som er det same registeret Gjerde og forskarkollegene har brukt i studien. Sidan 1967 er alle fødslar i Noreg registrert her, over 2,6 millionar fødslar.

– Som låg fødselsvekt reknar vi gutar som var under 2 940 gram ved fødselen og jenter som var under 2 850 gram, seier Gjerde.

Fastlegar bør begynne tidlegare med oppfølging for å oppdage begynnande nyresjukdom

Anna Gjerde, lege og forskar
 

– Ta ein prat med fastlegen

Studien hennar viser at også premature og barn som har opplevd veksthemming i svangerskapet har auka risiko for å utvikle kronisk nyresvikt som vaksne.

– Det er snakk om så mykje som 60-70 prosent auka risiko for å utvikle kronisk nyresjukdom, forklarar Gjerde.

Ho meiner dei som fell inn i risikogruppa bør ta ein prat med fastlegen sin.

– Vi foreslår at fastlegar begynner tidlegare med oppfølging av desse personane for å oppdage begynnande nyresjukdom tidleg. Det inneber å jamleg måle blodtrykket, sjekke urinen og undersøke nyrefunksjonen, seier Gjerde og legg til at nyrelegar på sjukehus bør spørje pasientar om fødselsvekt ved første konsultasjon.

 

Kan få alvorlege konsekvensar

Gjerde ønsker å dele kunnskap slik at fleire i risikogruppa kan oppdage begynnande nyresjukdom tidleg. Spesielt verkar det som om personer med låg fødselsvekt oftare enn andre utviklar kronisk nyresjukdom med fallande nyrefunksjon.

– Konsekvensane av at nyresjukdommen får utvikle seg kan vere store. Dersom ein ikkje oppdagar nyresvikt tidleg, kan ein i ytterste fall bli avhengig av jamleg behandling med dialyse og trenge nyretransplantasjon. Så helsegevinsten av å førebygge og oppdage sjukdom tidleg er stor, seier Gjerde.

Anna Gjerde Bjørn Egil Vikse - foto Eirik Dankel_1.jpg

STERKT FORSKINGSMILJØ: Anna Gjerde og Bjørn Egil Vikse er ein del av eit sterkt forskingsmiljø innan nyremedisin i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel