HELSENORGE

Denne hjelpa tilbyr dei frivillige til pasientane

Visste du at pasientar ved Haugesund sjukehus kan få hjelp og følgje av våre frivillige? Sjå kva tilbod vi har til deg eller dine næraste.

​Frivilligkorpset ved Haugesund sjukehus har rundt 40 frivillige som går vakter for å hjelpe pasientar og besøkande. Dei skal yte det lille ekstra for at opplevinga ved sjukehuset skal vere så god som mogleg. Av og til er det godt å ta nokon å spørje om vegen, vente saman med eller få hjelp til ærend. Dei frivillige kan også komme ut og følgje eldre og sjuke frå av- og påstigingsfelt for bil og inn på sjukehuset.

Frivillige_8.jpg

Erfaringane etter eit år med frivilligkorps er veldig gode, seier koordinator Kitty Fremmersvik.

– Vi starta opp med fire og har no rundt 40 frivillige. Mange av dei er pensjonistar som tidlegare jobba i Helse Fonna, men vi skal ikkje gjere helserelaterte oppgåver og helseutdanning er ikkje eit krav, seier Fremmersvik.

Godt tatt i mot

Både pasientar, pårørande og avdelingane har tatt godt i mot dei frivillige.

– Vi gjer det som avdelingane ikkje alltid har moglegheit til, som å følgje pasientar til rett ventesone, vente saman med dei, gå ærend til kiosken, eller halde dei med selskap under måltid. Vi steiker også vaflar og gjer det vi kan for at pasientane har det godt, seier ho.

Alle dei frivillige har vore gjennom søknadsprosess og opplæring. Dei har teieplikt og har ikkje lov til å fortelle andre om kven dei møter i vervet sitt.

– Alle som har eit ønske om å hjelpe og vere til nytte for andre kan søke om å vere frivillig, seier Fremmersvik.


Dette kan dei frivillige hjelp​e med

  • Hente pasientar ved bilen og følgje dei inn
  • Vise veg inne på sjukehuset
  • Følgje til ventesone og vente saman med pasienten
  • Hjelpe til med ærend inne på sjukehuset
  • Andre passande oppgåver pasienten har behov for
  • Dei frivillige skal ikkje erstatte helsepersonell og skal ikkje gjere oppgåver som er relatert til undersøking og behandling

Dei frivillige er på sjukehuset kvar vekedag frå kl. 09.00-15.00.

Ønsker du følgje til deg eller pasient frå bilen og inn? Ring frivilligkorpset på mobil: 47 78 85 84 eller 48 27 49 28​.
Les meir om frivilligkorpset

Frivillige_3.jpg

Dei fire første som starta opp i frivilligskorpset var frå venstre Elisabeth Sirnes Lyngstad, Åse Velle, Reidun Vikebø og Inger Lise Wiestad. Her saman med frivilligkoordinator Kitty Fremmersvik og leiar for personal- og organisasjonsavdelingen i HR Liv Marit Vedøy. Foto: Eirik Dankel