Dei møter aldri pasienten, men er avgjerande i behandlinga

Som pasient på sjukehus vil du aldri treffe bioingeniørane og legane på laboratorium for patologi. Men jobben dei gjer er avgjerande for at du får rett diagnose og behandling.

Patologi betyr sjukdomslære. Ved laboratorium for patologi i Helse Fonna, undersøker dei ulike typar vev frå pasientar for å sjå etter endringar, skader og feil som kan forklare kva sjukdom pasienten har. Eller om vedkomande er frisk.

Her tar dei i mot mellom anna kreftsvulstar, feittsvulstar, vevsprøvar frå for eksempel tarmar, lunge og bryst, eller morkake, forsterhinne og navlestreng etter fødsel. Ei rekke avanserte prosessar gjer bioingeniørane og legepesialistane i stand til å gi diagnose og for kreftpasientar også tilrå kva behandling akkurat den pasienten skal ha.

Trass denne viktige oppgåva, er det mange som jobbar på sjukehuset som ikkje kjenner godt nok til korleis dei jobbar på «patologen». Derfor inviterte dei sjølv til open dag for alle medarbeidarane på Haugesund sjukehus.

– Eg må innrømme eg tenker mest på obduksjon når eg høyrer ordet patologi. Eg visste ikkje at dei held på med så mykje forskjellig og har så avansert utstyr, seier Hilde Tveit frå Fertilitetssenteret etter omvisninga på laboratorium for patologi.

open-dag-patologi-foto-stina-steingildra-11.jpg

LÆRTE MYKJE: Hilde Tveit og Marie Tendeland Martinsen både lærte mykje og hadde det kjekt på open dag. - Vi planlegg open dag på Fertilitetssenteret neste år, så det var kjekt å få inspirasjon, seier Hilde Tveit.

Avgjerande for god diagnostikk og behandling

Hilde og Marie var to av fleire titals medarbeidarar som tok turen ned i kjellaren til laboratorium for patologi under open dag. Mange fekk ei skikkeleg aha-oppleving av kor viktig rolle gjengen på laboratorium for patologi spelar i både diagnostisering og behandling av pasientar. 

 Under omvisninga fulgte dei nøye med når Viktoria Haga Melbo forklarte korleis dei ikkje berre avkreftar eller stadfester kreftdiagnosen, men også kan slå fast kva type behandling som er best for akkurat denne pasienten. Immunterapi? Cellegift? Stråling?

– Vi kan også seie kva behandling som ikkje vil ha effekt hos den enkelte pasient. Det sparar pasienten for unyttig behandling og sjukehusa for unødvendige kostnadar, forklarte Haga Melbo.

– Eg er heilt fascinert av kor viktig del av kreftbehandlinga dei utgjer, seier Hilde Tveit, som under omvisninga også fekk sjå korleis patolog Marius Bagdonas undersøkte morkake og fostersekk for mogeleg patologi og Irene Sjøholm klargjere snitt av eit lipom, ein type feittsvulst.

open-dag-patologi-foto-stina-steingildra-3.jpg

SOM REGEL GODARTA: Irene Sjøholm lagar snitt av eit feittsvulst og forklarar gjestene korleis ho beskriv og vurderer preparatet. - Vi lagar gjerne snitt frå fleire deler av lipomet, seier ho. Når eit lipom er fjerna, vil ein utelukke kreft.

– Det er jo ei litt hemmeleg avdeling her nede i kjellaren, sjølv om heile huset sender prøvar hit. Dei fortener merksemd om jobben dei gjer, seier Tveit.

open-dag-patologi-foto-stina-steingildra-5.jpg

VIKTIG ROLLE: Irene Sjøholm er ei av mange på laboratorium for patologi som spelar ei viktig rolle i rask og god diagostikk.


Profesjonell kompetanse

Bettina Wachholz er funksjonsleiar for laboratoriet. Ho seier synleggjering var litt av tanken bak open dag.

– Det er bioingeniøranes dag 15. april, og vi ville bruke moglegheiten til å vise bioingeniørane si rolle i norsk helsevesen og den profesjonelle kompetansen som ligg bak det diagnostiske arbeidet vårt.

open-dag-patologi-foto-stina-steingildra-12.jpg

ØNSKTE VELKOMMEN: Funksjonsleiar Bettina Wachholz er nøgd med korleis open dag blei mottatt. - Vi har fått mange positive tilbakemeldingar, seier ho. Her i munter prat med Hilde Tveit.

Sjølv om det er bioingeniørens dag, er det ingen tvil om at det er mange som gjer ein viktig jobb her. Saman med patologar og helsesekretærar sørger bioingeniørane for at tusenvis av prøvar blir mottatt, analysert, tolka og oppbevart riktig.

– Vi har fått utroleg mange positive tilbakemeldingar. Dei fleste syns det er spennande å følgje ein prøve frå mottak til diagnosen er sett. Og så blir dei overraska over kor avanserte prosessar og utstyr vi har, seier Wachholz.
Ho håpar open dag kan bidra til enno betre samarbeid med dei andre avdelingane.

– Vi ønsker at dei som sender prøvar til oss kjenner til arbeidsprosessane våre og kvifor for korrekt prøvetaking, merking og oppbevaring er så viktig, seier ho.

open-dag-patologi-foto-stina-steingildra-10.jpg

GUIDAR: Hildegunn Hustveit, Viktoria Haga Melbo og Alma Miranda Andreassen var ivrige guidar for dei mange gjestene på open dag.

Vil du gratulere ein bioingeniør med dagen? Gå til Facebook-sida til Helse Fonna og send ei helsing!