Bygget er i rute

Det nye sjukehusbygget i Haugesund er i ferd med å reise seg. I løpet av 2019 skal heile bygget på nærare 20.000 kvadratmeter vere reist. Denne veka blir betongelement til dekkene mellom etasjane løfta på plass. Samstundes veks heissjakta i betong og ruvar i høgda.

– Bygget er i rute. Både med tanke pål framdrift, økonomi og kvalitet, seier prosjektdirektør Laila Nemeth.

Ho ser spent fram mot korleis bygget vil reise seg dei neste månadane. Prosjektdirektøren har travle dagar, men får støtte i eigen organisasjon. Innan nyttår skal Helse Fonna ha fem ulike byggherreombod tilgjengeleg for å sikre kvalitetsmessig og fagleg oppfølging av bygget. Det er mange fagområde som skal samhandle ved bygging av eit avansert, komplekst og moderne sjukehusbygg.

Du kan følgje byggearbeidet på webkamera

Prosjektering

Det har vore arbeidd i lang tid med å prosjektere bygget. Detaljar i alle rom er spesifiserte og sett i bestilling. Når det første av holdekka blir levert denne veka, er det produsert etter teikningar som mange medarbeidarar i Helse Fonna har vore med å utforme. Nå er golv, veggar og fasade bestemt og kan ikkje endrast. Dagens teikningar er slik det nye sjukehusbygget i Haugesund vil bli.

– Det er tatt omsyn til mange innspel og detaljar for å sikre eit fleksibelt og godt tilrettelagt bygg, seier Nemeth.

Ho er takksam for det gode arbeidet som er gjort av medarbeidarar i Helse Fonna. Det handlar om små og store avgjersler: Berre når det gjeld nytt medisinsk-teknisk utstyr er ein i prosess med 23 av i alt 30 store utstyrspakkar. Utstyret skal vere på plass i god tid før innflytting i 2021.

Ny og betre adkomst

Ny adkomstplassen ved hovudinngangen til sjukehuset er nesten ferdig. I løpet av kort tid skal det bli sett opp benkar i det nye opphaldsområdet ved inngangen til sjukehuset. Vidare skal det utbetrast eit område ved undergangen i Karmsundsgata. Det er førebels ikkje bestemt når det vil skje.