Brukarerfaringar for betre helsetenester

Ofte er det negative hendingar som gir sterkast ønske om endring. Men for Kristine Sele var det opplevinga av trygg og god behandling som ga motivasjon til å bidra til betre helsetenester. No skal ho bruke sine erfaringar i Brukarutvalet i Helse Fonna.

Kristine Sele er enno fersk i gamet. Ho har nyleg deltatt i sitt andre møte i Brukarutvalet, ho er valt til nestleiar og det er mykje å sette seg inn i. Men éin ting er ho allereie tydeleg på: Motivasjonen hennar er at alle skal få like god behandling og oppleving som ho sjølv fekk då ho gjekk gjennom kreftbehandling i fjor.

– Smertefritt er vel feil ord å bruke, men saumlaust var det i alle fall, fortel den nyvalte nestleiaren i Brukarutvalet.

– Pakkeforløp for kreft fungerer kjempebra. Det var system i alt og det gjekk veldig fort, seier Sele, som fullrosar behandlinga ho gjekk gjennom.

– Eg vil at alle pasientar i Helse Fonna skal få like god behandling som det eg opplevde.

Brukarutvalet representerer alle

Og det har ho tenkt å bidra til sjølv. Som representantar i Brukarutvalet skal pasientar og pårørande kunne bruke eigne erfaringar, positive som negative, til å skape enno betre helsetenester. Men med ein viss distanse:

– I Brukarutvalet representerer vi alle pasientar og pårørande. Ikkje oss sjølv som enkeltperson og ikkje éi bestemt pasientgruppe. Vi skal bidra med pasient- og pårørandeperspektivet på systemnivå.

Det seier Grete Müller, leiar i Brukarutvalet. Ho fekk vervet like etter nyttår, men er ingen nybegynnar i brukarutvalssamanheng. Ho har over 16 års erfaring som representant og leiar i regionalt brukarutval i Helse Vest, ved Oslo universtietssykehus og frå Helse Fonna i ein tidlegare periode.

– Vi skal bidra til betre tenester i Helse Fonna innan både somatikk og psykiatri og sjå heile perspektivet frå fødsel til død, seier ho.

I Brukarutvalet har dei fleste representantane tilknytting til ein brukarorganisasjon, som LHL, astma- og allergiforbundet, FFO, Rio og Mental Helse. Men ingen av dei skal representere organisasjonen – dei representerer alle pasientar og pårørande.


 

Engasjert i kvalitet og pasienttryggleik

– Vi blir invitert i prosjekt og prosessar av Helse Fonna, men vi kan også løfte eigne saker eller folk kan ta kontakt med oss med tema dei ønskjer at vi skal engasjere oss i, seier Müller.

Eksempel på tema Brukarutvalet jobbar med er kvalitetsområde som utskrivingsklare pasientar, pasientreiser, korridorpasientar, rett og redusert bruk av tvang i psykisk helsevern.

– Vi har laga ein plan for året, og eitt av tema vi er interesserte i er samanhengen mellom arbeidsmiljøet for medarbeidarane og pasientsikkerheita. Det skal bli spennande å sjå nærmare på det, seier Müller.
 
Les meir om Brukarutvalet