HELSENORGE

Brukarane fekk endeleg møte Helse Fonna-styret

Brukarorganisasjonane fokuserte på forventningar om brukarmedverknad, hjelpetelefonen for Mental Helse, barn og unge som pårørande og sjølvmordsførebygging då dei endeleg fekk vere med på styremøte i Helse Fonna.

 Bruk oss! Ungdommen er framtida. Og hugs å legg til rette for ungdom på sjukehus, var oppmodinga frå representantane frå Helse Fonna sitt ungdomsråd til styret.

Tilbakemeldingane frå styret var gode.

Det var fantastisk å høyre på dykk, og flott at Helse Fonna har eit ungdomsråd, var kommentaren frå styremedlem Solfrid Borge. Styreleiar Per Bjørn Habbestad er samd.

Eit flott innlegg, det gjev kveik og framtidstru, seier Habbestad.

Styremøte-29-9-2021-1.jpg 

Ungdomsrådet: Emma Sofie Lae-Pedersen, Siv Emberland, Anders Kannelønning, Bergljot Apeland Kvæstad og Cathrine Kvamsø Olsen (koordinator frå Helse Fonna) var glade for å endeleg kunne delta på eit fysisk styremøte att.

 

Ungdomsrådet i Helse Fonna blei etablert i april 2017 og har medlemmar i alderen 12 til 25 år frå heile regionen. Medlemmene har erfaring som ung pasient eller pårørande, både innan somatikk og psykisk helsevern. Dei brukar eigne erfaringar når dei gir innspel til kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta.

Styremøte-29-9-2021-2.jpg 

Fekk skryt: Siv Emberland (t.v.) og Emma Sofie Lae-Pedersen fortalde styret om kva som opptek ungdommen.

 

Melder sjølv inn saker

Det har med få unntak berre vore digitale styremøte i Helse Fonna sidan koronapandemien starta våren 2020. Difor har heller ikkje Brukarutvalet og Ungdomsrådet i Helse Fonna fått delteke på lang tid.

Brukarrepresentantane melder sjølv inn saker eller tema dei ønskjer å informere om, eller diskutere med styret, og sist gong dei fekk møte styret ansikt til ansikt var før sommaren 2019.

Totalt møtte fire representantar frå Ungdomsrådet, og seks frå brukarutvalet.

Styremøte-29-9-2021-3.jpg 

Brukarutvalet: Frå venstre Geir Charles Grindheim, Heidi Larsen Waage, Nils Reisersen og Anne Karin Sørdal.

 

Eg er ikkje medlem av styret, men har møterett som observatør. Eg har delteke på alle digitale styremøte, no var det godt å få møte styret fysisk, i lag med andre frå brukarutvalet, seier leiar Grete Müller.

Styremøte-29-9-2021-4.jpg 

Engasjerte: Nestleiar Else Berit Helle (t.v.) presenterte Mental Helse sin hjelpetelefon, medan leiar Grete Müller informerte om kva som opptek brukarutvalet i Helse Fonna.

 

Brukarutvalet for Helse Fonna er samansett av representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Utvalet skal bidra til å overføre erfaringsbasert kunnskap frå brukarar tilbake til sjukehusa og dermed medverke til å sikre kvaliteten på tenestene.

Brukarutvalet behandlar ikkje saker knytt til enkeltpersonar, og brukarmedverknad kan skje gjennom bruk av erfaringskonsulent og gjennom likepersonsarbeid.

 

Medisinsk klinikk, forsking og utviklingsplan

John Conrad Brandsø, klinikkdirektør i klinikk for medisin i Haugesund og Odda, var også invitert for å presentere klinikken, som har eit budsjett på om lag 500 millionar kroner. Han fokuserte på flytting, utfordringar, kvalitet og oppnådde resultat, og fekk mange positive tilbakemeldingar frå styret. Andre klinikkdirektørar vil bli inviterte til å presentere sine klinikkar på dei neste styremøta.

Fagdirektør Haldis Økland Lier informerte om forsking og innovasjon i føretaket, og samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør orienterte om utkastet til utviklingsplan, som no går ut på høyring til kommunane.

 

Korona-etterslep

I verksemda sin rapport for august kjem det fram at Helse Fonna slit med å komme tilbake til normal drift etter koronapandemien. Innflytting i nytt bygg er også medverkande årsak til at helseføretaket ligg etter både når det gjeld økonomi og pasientbehandling.

Det økonomiske resultatet for august viser eit underskot på over 15 millionar kroner, noko som er 18 millionar kroner dårlegare enn budsjett. Resultatet så langt i år er om lag 29 millionar kroner under budsjett. Dette skuldast både lågare inntekter og høgare kostnader enn budsjettert.

- I tidlegare prognose har vi angitt at resultatkravet på 34 mill. kroner skal vere oppnåeleg under visse føresetnadar. Vi ser no at effektane av pandemien ikkje vil avta og forsvinne så raskt som vi rekna med. I tillegg vart det tildelt noko mindre øyremerka midlar enn først venta. Det kan komme meir, men vi har førebels ikkje kalkulert dette inn. Den nye prognosen for 2021 er difor korrigert ned til 10 millionar kroner i overskot, dvs. 24 millionar bak budsjett, heiter det i økonomirapporten.

 

Lenger ventetid

Aktiviteten i klinikkane har vore lågare i august. Færre pasientar har blitt behandla, og det er lenger ventetid. Særleg innan BUP-feltet har ventetida gått opp, både pga. auka innsøking som følgje av Covid 19-pandemien, og fleire vakante stillingar ved BUP Haugesund og BUP Stord.

 For å handtere den auka innsøkinga i tilknyting til Covid 19-pandemien er det sett i verk ei lang rekkje strakstiltak. Både ved BUP Haugesund og BUP Stord nyttar ein seg av innleige av legar frå bemanningsbyrå. BUP Haugesund har hatt kveldspoliklinikk sidan hausten 2020. Vidare har ein tilsett fleire behandlarar utover budsjett når ein har fått tak i fagfolk. Det vert arbeidd med å skape effektive og gode pasientforløp og utnytte eksisterande behandlingskapasitet gjennom tiltak i prosjekta «Alle møter» og «Vel møtt». Vidare vert det arbeidd med å rekruttere i ledige behandlarstillingar. Evaluering av tiltaka viser at begge BUP-ane langt på veg har greidd å utnytte eksisterande behandlingskapasitet på ein god måte. Ein kan oppleva å ikkje få søkjarar med rett kompetanse til ledige stillingar. Spesielt gjeld dette lege- og psykologkompetanse. For å styrkje rekruttering vert det arbeidd med å leggje til rette for LIS1-praksis ved BUP Haugesund, samt rekruttering av psykologar som er utdanna utanfor Noreg, heiter det i rapporten.

 

God økonomistyring i byggprosessen

Internrevisjonen i Helse Vest har med bistand frå Deloitte gjennomført ein internrevisjon av økonomistyringa i byggjeprosjekta i regionen. Dei har undersøkt om helseføretaka i Helse Vest på forsvarleg og tilfredsstillande vis vurderer og handterer økonomisk risiko i byggjeprosjekt, slik at prosjekta vert gjennomført i samsvar med dei gitte rammene, og evaluere kva læringspunkt ein kan hente til framtidige byggjeprosjekt i Helse Vest.

Rapporten peikar mellom anna på at det er skilnader mellom helseføretaka på Vestlandet når det gjeld økonomistyring. For Helse Fonna påpeiker rapporten at prosjektet styrer etter ein modell der regelmessig gjennomføring av usikkerheitsanalysar av prosjektet sin oppdaterte kostnadskalkyle legg premissar for behov for margin og reservar i prosjektet. Parallelt med reduksjon i reservar opplever prosjektet at den økonomiske uvissa er betydeleg lågare samanlikna med vedtakstidspunkt etter at mange aspekt ved prosjektet er avklart. Prosjektet held ved like ei liste over moglege kostnadssparande kutt, samt liste over moglege opsjonar, som vil kunne bli tatt i bruk når prosjektet har meir informasjon om endelege prisar for entreprisekontrakten.

 

Har laga handlingsplan

Prosjektet har etablert eit hensiktsmessig nivå og frekvens for økonomisk rapportering og føretaksleiinga og styreleiar får god og tidsriktig informasjon om prosjektet sin økonomiske status og risikobilete. Revisjonen syner at styret og føretaksleiinga også har høgt fokus på alle vedtekne styringsmål som mellom anna omfattar realisering av løysingar i samsvar med vedtekne mål for kvalitet og framdrift. Prosjektet har etablert ein forankra og systematisk prosess for endringshandtering og vurdering av verdi på usikre økonomiske forhold i prosjektet. Dette gir gode føresetnader for at økonomisk usikkerheit er presist reflektert i prosjektet sine kostnadsprognosar og at usikkerheitsfaktorar kan følgast opp på ein systematisk måte, heiter det i rapporten.

Revisjonen peikar også på nokre forbetringspunkt. Blant anna kan ein i større grad få skriftlege prosedyrar for dei detaljerte oppgåvene og kontrollar som blir gjennomført i prosjektet si økonomioppfølging. Føretaket kan vurdere om månadsrapporteringa til føretaksleiinga/styret skal innehalde framstilling som viser og forklarer utviklinga i hovudpostane i prosjektnedbrytingsstrukturen

Styret slutta seg til administrasjonen sitt framlegg om handlingsplan knytt til Internrevisjonen sine tilrådingar.