Brukarane deltok i styremøte

Både Brukarutvalet og Ungdomsrådet deltok i dagens styremøte i Helse Fonna. Brukarutvalet krev auka fokus på korridorpasientar i sjukehus slik at ingen skal ligge på gangen. Ungdomsrådet vil arbeide ytterlegare for å førebygge sjølvmord.

Brukarutvalet påpeikte i møtet at Helse Fonna har fleire korridorpasientar enn nasjonalt måltal. Samtidig registrerer brukarane at Helse Fonna har for mange ferdigbehandla pasientar fordi kommunane ikkje tar imot sine pasientar så raskt som ønskeleg.

- Korridorpasientar er ein trussel mot pasientstryggleiken, med aukande fare for infeksjonar jo lengre dei blir liggande, sa leiar i Brukarutvalet Grete Müller.

Dei ba styret i føretaket fortsette arbeidet for å redusere talet på korridorpasientar. Brukarutvalet er også opptatt av behandling innan psykisk helsevern. Ventetida for behandling av vaksne innan psykisk helsevern var i mai på 49 dagar, det er lengre enn målkravet.

Bruakrutvalet er eit rådgivande utval for administrasjonen og styret i Helse Fonna Dei gir råd i sentrale spørsmål som gjeld helsetilbodet i området, som til dømes tilgjenge, dimensjonering, ventetider og kvalitetsutvikling. Bak frå venstre: Kristine Sele (nestleiar) Sølvi Torvestad (sekretær), Jan Bjørn Fiskå, Karin Olsen Vikse, Geir Tore Søreide, Frode Nerly, Heidi Larsen Wåge og Erling Netland. Foran frå venstre: Grete Müller (leiar), Mette Lambach, Else Berit Helle, Kjell Inge Bringedal og Laila Stensletten.

Det er særleg ved Karmøy og Haugaland DPS ventetida er lengre enn ynskjeleg. Ein jobbar aktivt med rekruttering for å betre situasjonen. Det er i dag innleigd ekstra legeressurs og opptaksområde for poliklinikkane er forsøkt justert for å redusere ventetida.

- Det er viktig at det blir arbeidd for å nå målkravet om redusert ventetid, seier styreleiar i Helse Fonna Kjell Arvid Svendsen. Han er nøgd med tiltaka som er sett i verk og ventar redusert ventetid i haust.

Meiningfylte oppgåver

Ungdomsrådet deltok også i styremøtet og fortalte at dei opplev arbeidet dei gjer, og oppgåvene dei har, som meiningsfylte. Ungdomsrådet har arbeidd med tiltak for å vere med å redusere talet på sjølvmord og viste til at det er viktig å snakke om sjølvmord.

Også ivaretaking av barn som pårørande er viktig for Ungdomsrådet. Dei krev at familien blir involvert når mor eller far er sjuk.

Ungdomsrådet skal bidra til at barn og unge skal få eit enno betre tilbod i Helse Fonna, anten dei er sjuke sjølv, eller har sjukdom i nær familie.

Forsking: Korleis fremme helse hos personar med kols

I april disputerte Heidi Bringsvor for ph.d.-grada i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger. Ho har forska på korleis personar med kols kan auke helsefremmande kompetanse, meistring og livskvalitet. I dag presenterte ho resultat av forskinga si for styret i Helse Fonna.

Bringsvor fann at det er samanheng mellom korleis personar med kols scorer på ei rekke self-management relaterte områder og deira opplevde symptombyrde. Vidare fant ho at det er samanheng mellom opplevd helserelatert livskvalitet og score på konstruktive haldningar, tilnærmingar og emosjonelt ubehag.

Deltaking i programmet «Bedre liv med kols» i eigen heimkommune hadde positiv effekt for læring av ferdigheiter og teknikkar, og konstruktive haldninger og tilnærmingar. I tillegg fant Bringsvor ein positiv effekt på evne til eigenmonitorering og innsikt hos dei som deltok i meir enn halvparten av gruppesamtalane. 225 personar med kols deltok i studien. Dei kjem frå elleve kommunar i Helse Fonna-området.

- Dette er både viktig og nyttig forsking knytt til korleis pasientane kan handtere det å leve med lungesjukdommen Kols. Samtidig er forskinga viktig for å styrke og utvikle samhandlinga med kommunane, seier Svendsen.

Han meiner forsking i føretaket er med å styrke og utvikle sjukepleiarkompetansen både i sjukehus og i kommunane og seier dette kjem pasientane til gode.

ByggHaugesund2020

Styret i Helse Fonna fekk i dag statusmelding om at ByggHaugesund2020 er i ferd med å reise seg. I løpet av 2019 skal heile bygget på nærare 20.000 kvadratmeter vere reist. Denne veka startar arbeidet med å løfte på plass betongelement til dekkene mellom etasjane. Samtidig veks heissjakta i betong og ruvar i høgda.

–Bygget er i rute. Både i forhold til framdrift og kvalitet, seier prosjektdirektør Laila Nemeth. Prosjektdirektøren har travle dagar, men får støtte i eigen organisasjon. Innan nyttår skal Helse Fonna ha fem ulike byggherreombod tilgjengeleg for å sikre kvalitetsmessig og fagleg oppfylging av bygget. Det er mange fagområde som skal samhandle ved bygging av eit avansert, komplekst og moderne sjukehusbygg.

-Det er særs gledeleg å sjå at det nye sjukehusbygget følger plan både økonomisk og kvalitetsmessig, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

I 2021 skal det nye bygget takast i bruk. I tillegg skal 6000 kvadratmeter av dagens sjukehusbygg gjennom ein omfattande oppgradering og renovering. Både leiarar, fagfolk, tillitsvalde, verneombod og brukarar er involvert for å skape best mogleg sjukehusbehandling i eit nytt og moderne bygg.