– Vi ønsker oss berre éin ting til jul, og det er blod frå dei faste givarane våre.
Det seier fagansvarleg bioingeniør Wenche Øyehaug ved blodbanken på Stord sjukehus. Ho fortel at det no er stor mangel på blod, og at det gjeld ved alle blodbankane i Helse Fonna. No går dei ut i alle kanalar og ber givarar om å bestille time, møte til timen sin og gi beskjed i god tid om dei ikkje kan møte, slik at timen kan bli gitt nokon andre.
– Det er viktig at vi får fyllt opp lagra kjapt, derfor ber vi no om at berre dei som allereie er blodgivarar bestiller time og møter til tapping. Nye blodgivarar må testast og vere i karantene før første tapping, så det er ikkje nye givarar vi treng akkurat no.
Øyehaug seier blod er livsviktig for behandling av mange pasientgrupper.
– Blodoverføring kan redde liv ved mellom anna ulukker, brannskade, kreftbehandling og kompliserte fødslar. Å gi blod er nok den finaste julegåva du kan gi. Og vi ventar ikkje til julaftan med å gi den vidare.

DEN FINASTE JULEGÅVA: Blodbankane treng å fylle opp lagra før jul. PS: Blod er ferskvare, dette bildet er frå arkivet. Arkivfoto: Helse Fonna