Det er oppnemnd nye styre i helseføretaka på Vestlandet i føretaksmøte 23. februar 2022.
Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, ser fram til samarbeidet med styra i heseføretaka.
– Vi har klare styringsmål for sjukehusa på Vestlandet og kompetansen i styra skal nyttast til god styring og utvikling, for å sørge for at tenestene våre er berekraftige og framtidsretta, seier Landstad.

Helse Vest: Agnes Landstad er styreleiar i Helse Vest RHF, og ser fram til å samarbeide med dei nye styra på Vestlandet. Foto: Forskningsinstituttenes fellesarena
Styret i Helse Vest RHF har lagt vekt på ulike føringar og moment i valet av styremedlemmer i helseføretaka. Mellom anna slår Helseføretakslova fast at det skal leggjast vekt på legitimitet i befolkninga. Styret skal til saman inneha den naudsynte kompetansen til å ivareta oppdraget og ansvaret styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar.
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar der sju er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette.
Dette er dei eigaroppnemnde styremedlemmene i styret i Helse Fonna HF frå 23. februar: Petter Steen jr. (styreleiar), Brian Bjordal (nestleiar), Ingvill Skogseth, Anne Sissel Faugstad, Kjersti Follesø, Helga Arianson og Per Karlsen.

Ny styreleiar: Petter Steen jr. (59) var medlem av Haugesund bystyre i sju periodar og byens ordførar i fjorten år fram til 2015. Han jobbar til dagleg i administrasjonen i Sveio kommune, der han mellom anna har funksjon som folkehelsekoordinator. Steen er leiar i konsernstyret i Haugaland Kraft AS og styremedlem i Kommunalbanken AS.
Dei fire styremedlemene som er valde av dei tilsette frå februar 2021 til februar 2023 er Nina Budal, Laurla Lill Haavik, Pernille Nylehn og Åse-Berit Apeland Rolland.