49-åringen
frå Mosterhamn på Bømlo kjem frå stillinga som konstituert rådmann i Bømlo
kommune. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og starta sin karriere
som helse- og sosialsjef i Gulen kommune, før ho vart organisasjonssjef i Bømlo
kommune i 2007. Sidan 2010 har ho også vore assisterande rådmann. Løklingholm vart
konstituert rådmann i Bømlo kommune hausten 2019 og skal vera det fram til ho tek
til i stillinga som administrasjonssjef i Helse Fonna den 1. september.
- Eg såg
Helse Fonna si utlysing etter administrasjonssjef, og etter 13 år i ulike
roller i Bømlo kommune, fann eg ut at det kunne verta spanande med nye
utfordringar og søkte på stillinga. Eg har litt kjennskap til Helse Fonna frå
tidlegare etter å ha vore med i samhandlingsutvalet nokre år, og gler meg til å
bli kjend med nye kollegaer og ta fatt på spanande oppgåver i helseføretaket,
forklarar Løklingholm.

I LEIARGRUPPA: Aud Gunn Løklingholm kjem frå stillinga som konst. rådmann på Bømlo, og blir frå 1. september ein del av toppleiargruppa i Helse Fonna.
Det melde seg heile 26 søkjarar til stillinga.
Administrasjonssjefen sitt
ansvarsområde inkluderer overordna administrative oppgåver knytt til
føretaksleiinga og vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikla føretaket.
Administrasjonssjefen har administrerande direktør som sin næraste overordna og
vil vera ein del av toppleiargruppa i Helse Fonna.
Adm. dir. Olav Klausen
er nøgd med både breidda og kvaliteten på søkjarlista, og med kandidaten som
til slutt vart vald.
- Vi hadde mange gode
søkjarar å velja i, og etter fleire intervjurundar har vi landa på ein svært
godt kvalifisert kandidat, med brei erfaring frå offentleg verksemd. Eg ønskjer
Aud Gunn Løklingholm velkommen som leiar og medlem i toppleiargruppa i Helse
Fonna, seier Klausen.