Blir friske med tarmbakteriar frå superdonor

Irritabel tarm gir redusert livskvalitet til mellom 8 og 25 prosent av befolkinga og er ei stor belastning på helsevesenet. I dag fins inga effektiv behandling, men ny forskning frå Helse Fonna og Universitetet i Bergen viser oppsiktsvekkande effekt av transplantasjon av tarmbakterier.

– Irritabel tarm er ein vanleg sjukdom som kan gi store plager hos den som er råka. Dei får ubehag eller smerter i magen og diaré eller forstopping. For mange er plagene så kraftige at det går ut over livskvaliteten.

Det seier overlege ved Stord sjukehus og forskar Magdy El-Salhy. Han får no internasjonal merksemd for forskinga si. Denne hausten har han blitt tildelt to prisar for artiklar basert på ein ny studie av behandlinga fekal transplantasjon. Studien blir publisert i det leiande tidsskriftet for mage-tarm-medsin, Gut. Kort fortalt viser studien at eit stort fleirtal av pasientar med irritabel tarm-syndrom (IBS) blir friske etter å ha fått overført tarmbakteriar frå ein frisk superdonor.

– Vår studie er nok vitskapleg dokumentasjon for at denne behandlinga nå kan bli gitt som tilbod til pasientar i ordinær behandling, seier El-Salhy.

Ved fekal transplantasjon blir avføring rik på sunn bakterieflora gitt frå ein frisk superdonor til pasienten ved gastroskopi, der ein slange blir ført gjennom munnen og ned i tolvfingertarmen. Her bidrar transplantasjonen til at pasienten får ein betre bakterieflora som igjen gir betring frå sjukdomen.

Ordforklaringar og fakta

• Fekal transplantasjon: Ved fekal transplantasjon blir avføring rik på sunn bakterieflora gitt frå ein frisk superdonor til pasienten ved gastroskopi, der ein slange blir ført gjennom munnen og ned i tolvfingertarmen. Her bidrar transplantasjonen til at pasienten får ein betre bakterieflora som igjen gir betring frå sjukdomen.

• Randomisert, dobbeltblind placebo-studie: Dette betyr at pasientane i studien blir tilfeldig delt i grupper som får ulik type behandling for å kunne samanlikne effekten av desse. Verken pasient eller behandlande lege veit kvem som får kva. Denne vitskaplege metoden gir høg kvalitetssikring av forskingsresultata.

• Placebogruppe: Ei gruppe pasientar i studien som ikkje veit om dei får ekte behandling eller «jukse»-behandling. Ved å inkludere ei slik gruppe i studien kan ein korrigere resultatet for innbilt betring.

• Superdonor: Studien slår fast at kvaliteten på donoren er avgjerande for effekt. Superdonoren var utvalt etter ei rekke helsemessige kvalitetar. Éin donor kan gi behandling til mange hundre pasientar.

 

Magdy-ElSalhy-ESNM-small.jpg

Overlege og forskar ved Stord sjukehus, Magdy El-Salhy har denne hausten fått Top Abstract Prize frå United European Gastro Week (UEGW) og Best clinical abstract frå European Society of Neurogastroenterology and Motility (ESNM). Foto: ESNM

Fekal transplantasjon gir varig effekt

I den randomiserte, dobbeltblinde placebo-studien fekk éi pasientgruppe placebobehandling, medan to grupper fekk ekte behandling med 30 eller 60 gram fekal transplantasjon. I gruppa som fekk den høgaste dosen, blei heile 89 prosent av pasientane betre av behandlinga. I denne gruppa var det 47 prosent som fekk klinisk signifikant betring av sine IBS-symptom, altså blei heilt symptomfrie. Av pasientane som fekk behandling med 30 eller 60 gram transplantasjon var det også signifikant betring av opplevd livskvalitet og utmatting samanlikna med placebogruppa (sjå ordforklaring over). Magdy El-Salhy gler seg over at effekten også er varig:

– Vi har følgt opp pasientane i ettertid og 90-95 prosent er framleis friske etter eitt år. Vi får nøyaktige tal på dette i desember, seier El-Salhy.

Av pasientane som ikkje merka endring etter transplantasjon av 30 gram, blei 70 prosent av desse betre når dei fekk ny behandling med dobbel dose 3-5 månadar seinare.

– Om nokre månadar startar vi opp eit nytt prosjekt for å sjå om vi får enno betre resultat ved høgare dosar og gjentatt behandling.

Helse Fonna har lukkast med internasjonalt prisbelønna forsking som vil gi betre behandling til mange tusen pasientar

Magdy El-Salhy, overlege og forskarr
 

Vil betre livskvaliteten til tusenvis av pasientar

– Irritabel tarm råkar ofte unge menneske i ein fase av livet der dei ønsker å etablere seg med jobb og familie. Denne sjukdomen gir tilsvarande belastning på livskvaliteten som det å leve med diabetes eller nyresvikt. Ei effektiv behandling som fjerner plagene frå mage- og tarmsystemet vil betre livskvaliteten for mange tusen menneske, meiner El-Salhy.

Han rosar arbeidsgivaren Helse Fonna for å legge til rette for denne type forsking.

– Forskingsavdelinga i Helse Fonna har med dette lukkast i å gjennomføre internasjonalt prisbelønna forsking som direkte gir betre behandling til mange tusen pasientar, seier han.