Bli frisk frå angst og tvangstankar på fire dagar

Det er mest for godt til å vere sant. Men behandlingsmetoden som på fire dagar gjer 70 prosent av pasientar med alvorlege tvangstankar, angst og fobi heilt friske er vitskapleg dokumentert og fungerer. I Helse Fonna finn du tilbodet ved Stord DPS.

Det viktigaste først: Det fins håp for deg som er alvorleg sjuk av tvangstankar (OCD) eller panikkangst. For å få hjelp til å kome ut av sjukdomen, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om å bli tilvist til lokalt DPS (distriktspsykiatrisk senter). Her vil du kunne blir vurdert for 4-dagars behandling ved Stord DPS. Snart startar vi også opp tilbod for deg med sosial fobi og generell angst (GAD).

Du må vere sterkt motivert

– Behandlinga er enkel, men veldig krevjande for pasienten, seier psykolog Ottar Nysæter Andersen ved Stord DPS.

 – Derfor må du vere motivert for å gjennomføre behandlinga fullt ut for at det skal nytte. Vi tilpassar behandlinga til kvar enkelt pasient, men det er du sjølv som må ta valet.

Men då nyttar det. 4-dagarsmetoden er utvikla av forskarar ved OCD-teamet i Helse Bergen og får no internasjonal merksemd. Heile 70 % av dei som blei friske av behandlinga er framleis friske fire år seinare (Taylor&Francis Online). Kva er vidunderkuren?

– Behandlinga går enkelt sagt ut på å eksponere seg for det ein fryktar. Dette har vore brukt som behandling tidlegare også, men i denne metoden er teknikken i eksponeringa viktig, forklarar Nysæter Andersen.

Han bruker panikkangst som eksempel: Dersom du vanlegvis unngår å gå i butikken fordi du er redd for å få panikkanfall, nyttar det ikkje å tvinge seg til å ta ein tur klokka halv ti om kvelden når butikken omtrent er tom, handle éin ting utan å snakke med den som sit i kassa og tru du har eksponert deg.

– Det må vere verre enn det. Du må heller gå på den søndagsopne, tronge butikken midt i den travlaste tida, og gå inn for å møte angsten på ein annan måte enn tidlegare. Dette er vanskeleg eller umogleg å gjennomføre på eiga hand for nokon som har denne lidinga, nettopp fordi angsten blir så overveldande at ein vil trekke seg, seier han.

ottar-nysæter-andersen-øivind-johnsen--nett-foto-stina-steingildra.jpg

GODE RESULTAT: Psykologane Ottar Nysæter Andersen og Øivind Johnsen ved Stord DPS har god erfaring med metoden så langt.

Kva er OCD og panikkangst?

Kort fortalt går desse lidingane ut på at kroppen reagerer på ufarlege ting som om det var veldig farleg. Frykt er ein naturleg og viktig reaksjon ved reell fare, men ved OCD og panikkangst blir ein redd for sine egne tankar og reaksjonar på desse. Pasientane unngår alle situasjonar som skapar frykt. Det kan føre til isolasjon, tapt utdanning, arbeidsløyse og øydelagte relasjonar til familie og venner. OCD er så alvorleg at Verdas helseorganisasjon plasserer det blant dei ti lidingane som fører til størst grad av redusert livskvalitet.

Tvangsliding (OCD)
Dei fleste forbind sjukdomen med ekstrem reinslegheit eller frykt for bakteriar og smitte, men personar med OCD kan også vere plaga av andre tilbakevendande tankar eller impulsar som gir sterk skam, frykt og ubehag. Desse tankane kan for eksempel handle om aggresjon, om å skade andre eller om å vere pedofil. Frykta for eigne tankar blir så sterk at personen unngår alle situasjonar som kan relaterast til desse tankane, og gir sterkt behov for å gjere handlingar knytta til innhaldet i tankane, som å vaske seg, kontrollere, sjekke eller repetere til det kjennest rett. Desse «ritualene» er eit forsøk på å kontrollere tankane.

Panikkangst
Det startar ofte med enkelte tilfelle av uprovosert panikkanfall: Pulsen går opp, ein blir uvel, hjarta hamrar i brystet, ein sveittar eller får andre sterke fysiske symptom. Panikkliding er kjenneteikna av ein intens frykt for nokre kroppslege symptom, og ofte saman med frykt for å døy, bli gal eller at det skal skje noko alvorleg gale med kroppen.  Personar med panikkangst blir etter kvart så redde for at panikken skal slå ut at dei unngår alle situasjonar dei fryktar kan føre til anfall.

 
 

Behandlinga og eksponeringssituasjonane blir individuelt tilpassa kvar enkelt, og kvar pasient blir følgt tett av behandlaren. Vanleg format på psykologisk behandling er 45 minuttars samtalar med psykolog éin gong i veka over lang tid. Her er det i staden fire dagars konsentrert behandling, der kvar pasient får individuell oppfølging av ein behandlar. Deler av behandlinga inneber undervisning i grupper.

– Mange av pasientane fortel at dei grudde seg veldig til å vere i grupper på førehand, men trekker fram dette som ein positivt ting i etterkant. Det å treffe andre i same situasjon og sjå at ein ikkje er åleine kan vere hjelpande. Dei heiar kvarandre fram, seier Nysæter Andersen.

Eit godt liv

Men har ikkje ei så intens og effektiv behandling biverknadar? Psykologspesialist Øivind Johnsen har behandla fleire pasientar med metoden siden oppstarten i fjor:

– Du risikerer å få eit godt liv, seier han med eit glimt i auget, før han blir alvorleg:

– Det er ingen biverknadar, men nokre pasientar kan oppleve å få det tøft når dei blir friske og forstår kor mykje av livet deira som har vore øydelagt av sjukdomen. Kva dei har gått glipp av. Derfor snakkar vi om dette i løpet av behandlinga for å førebu dei. Ein må ikkje la desse tankane bli eit nytt hinder for å leve godt, seier han.